Regionen Baskarland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baskarland |
|
Fakta | |
Hovudstad | Gasteiz |
Offisielle språk | Baskisk og spansk |
Regionspresident | Juan José Ibarretxe Markuartu |
Geografi | |
Flatevidd | 7 234 km² (Rangering 14) |
Folketal | 2 124 46 (2005) (Rangering 7) |
Folketettleik | 293,73 innb./km² |
Baskarland (baskisk Euskadi, spansk País Vasco, fransk Pays Basque) er ei autonom eining nord i Spania ved Pyreneane. Den spanske regionen er ein del av det større kulturelle området Baskarland.
Hovudstaden i regionen er Gasteiz (Vitoria på spansk). Det er allikevel byene Donostia (San Sebastián) og Bilbo (Bilbao) som er dei mest kjende.
Det har lenge vore eit ynskje blant enkelte i regionen å skille seg ut som eit eige land, noko som har ført til at ei rekkje terroraksjonar har vorte utført mot Spania. Dei fleste av desse er vorte utførde av den baskiske separatistrøyrsla ETA.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |