Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rasisme - Wikipedia

Rasisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rasisme er ei nemning som vanlegvis blir bruka om eit syn som hevdar at somme «rasar» av menneske er mindreverdige andre. Konsekvensen av eit slikt syn blir diskriminering, åtskiljing, fordriving og i verste fall folkemord.

Blant historiske døme på samfunn med institusjonalisert rasisme kan nemnast:

Ein mobb kvite har lynsja to svarte i Minnesota. Postkort frå 1920.
Forstørr
Ein mobb kvite har lynsja to svarte i Minnesota. Postkort frå 1920.
  • Sørstatane i USA, der dei først hadde slaveri (til 1865) og sidan segregasjon (åtskiljing) og systematisk diskriminering av afro-amerikanarane i hundre år til.
  • Apartheid-regimet i Sør-Afrika, som vara heilt til 1994. Apartheid tyder åtskiljing, men folkegruppene var ikkje berre åtskilde, men òg sterkt ulikebehandla, med dei svarte på botnen.

Den reine rasismen hevdar at liksom kollektive ytre eigenskapar som hudfarge er ulike og arvelege, gjeld det same for indre eigenskapar som intelligens, ærlegdom og anna. Dei svarte vart såleis sedde på som mindre intelligente og meir styrlause enn kvite, og jødane som sluare og vondare enn "ariske" folkegrupper.

Når slike indre eigenskapar blir sedde på som kollektive for heile folkegrupper og arvelege gjennom genane, er det tale om rein rasisme, og ofte det ein kan kalle eit biologisk samfunnssyn. Desse irrasjonelle holdningane kan òg bli freista "prova" kvasi-vitskapleg.

Det blir diskutert om eit sterkt negativt syn på andre kollektiv, som til dømes folkegrupper definert kulturelt eller religiøst, kan kallast rasisme eller ikkje. Var til dømes den kristne, religiøst grunngitte anti-semittismen (eller kanskje rettare, anti-judaismen) òg ei form for rasisme? Eller var han annleis fordi jøden da i prinsippet kunne fri seg frå tyninga ved å konvertere? Var den etniske reinsinga i det tidlegare Jugoslavia ei form for rasisme? Folk vart definerte kulturelt og religiøst, men det vart dei anten dei ville eller ei, små som store, og dei kunne ikkje unnseie seg opphavet sitt, og såleis sleppe forfølginga. Kva med det generelle hatet mot muslimar, som kan ramme alle, anten dei er verkeleg religiøse eller ikkje, anten dei er politiske islamistar eller ikkje, anten dei har gjort noko valdeleg eller ikkje?

Det er to syn her. Det eine er at omgrepet «rasisme» berre bør brukast om det klart biologisk grunngitte synet omskrive ovanfor. Andre former for diskriminering og underkuing av menneske kan til tider ha mesta like grufulle konsekvensar, men kan likevel ikkje kallast rasisme. Dei som meiner dette, legg altså vekt på grunngivinga for dei negative generaliseringane av andre menneske.

Det andre synet er at iallfall nokre tilfelle av kulturelt-religiøst grunngitt hat er så altomfattande at det i praksis fungerer som rasisme, og at dette etter nazismen fall er den einaste moglege forma for rasisme i mange land. Dersom ein definerer rasisme så snevert som til ein kvasi-vitskapleg biologisme, definerer ein bort den rasismen som faktisk finst den dag i dag, også i Noreg.

[endre] Bakgrunnsstof

Commons har multimedia som gjeld: Rasisme
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com