PH
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
pH er eit mål på kor sur eller basisk ei løysing er innan kjemien.
Vanlegvis bruker me ein pH-skala som gjeng frå 0 til 14. Det er ein logaritmisk skala. H3O+-konsentrasjonen aukar med ein tiarpotens når pH-verdien minkar med éi eining, to tiarpotensar når pH-verdien minkar med to einingar, osb. Ei løysing med pH-verdi lik 4 inneheld 103, det vil seie 1000 gonger fleire H3O+-ion enn ei løysing med pH-verdi lik 7.
Reint vatn har pH lik 7. Alt under 7 i pH vert rekna som syrer/surt, og alt over 7 i pH vert rekna for basisk.
Definisjonen av pH er , der er konsentrasjonen av H + -ionar.
Det skal mikroskopiske mengder syre til for å redusera pH-verdien fra 7 til 6 i reint vatn, altså for å endre (H3O+) fra 10 - 7 M til 10 - 6. Jo lågare pH-verdien er, jo meir syre treng vi for å endra pH-verdien ei eining.
Forkortinga pH er engelsk for potential of Hydrogen.