Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gul - Wikipedia

Gul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gule blomar på forsythia.
Forstørr
Gule blomar på forsythia.

Gul er ein primærfarge, og komplementærfarge til blå. Den gule delen av fargespekteret reknar ein om lag frå 570 til 600 nanometer bølgjelengde. På grunn av tradisjonelle fargestoffa brukte innan målarkunst blei han tradisjonelt sett på som komplementær til lilla. I estetikken reknar ein gult til dei varme fargene.

Innhaldsliste

[endre] Symbolikk

Gult dominerer i gudebildet frå Tirupati.
Forstørr
Gult dominerer i gudebildet frå Tirupati.

Fargen minner om gull og står då òg for denne valøren innan heraldikken. Han har lenge vore eit symbol på rikdom og lukke i Austen. Mellom anna stod han for den kinesiske keisarfamilien, og det var forbode for vanlege folk å bera gule klede. I Sør-Asia blir gult i form av gurkemeie brukt i religiøse ritual for å bringa lukke, og buddhistiske munkar kler seg ofte i gulfarga klede.

Men gult kan òg stå for negative ting. Det er hudfargen til ein som har gulsott, og kan stå for feigedom. Det er òg fargen til galle.

I arabisk kultur kan eit «gult smil» vera eit uekte smil som anten blir brukt for å skjula ekte kjensler, eller for å visa at ein spøk eller liknande ikkje var særleg morosam.

Gult var forbunde med Kina på grunn av keisarsambandet og fordi ein meinte menneske frå Aust-Asia hadde gul hudfarge. Det rasistiske omgrepet «den gule fare» viste til frykta ein hadde for menneske derfrå på 1800-talet og seinare. Også i dag blir «guling» brukt som eit rasistisk eller humoristisk omgrep om austasiatar.

I den kristne delen av verda har gult nært samband med påske.

[endre] Signalgult

Gul kveps på eit eple.
Forstørr
Gul kveps på eit eple.
Synlege drosjar i New York.
Forstørr
Synlege drosjar i New York.

Gult blir ofte brukt som signalfarge, både i naturen og blant menneska. Mange insekt blir tiltrukne av fargen fordi mange blomar er gule. Ein del dyr er på den andre sida gulfarga for å signalisera fare, som at dei er giftige eller kan stikka.

Ein bruker gult i trafikken. I trafikklys tyder det gjerne «vent» eller «gjer deg klar», medan det på jarnbanesporet tyder «køyr sakte». Nokre stader er drosjane gule for å fanga merksemd. Praksisen skal ha starta i New York då ein drosjeeigar fann ut at gult er den fargen menneska ser best over avstand. På same måte blir skarpt gult brukt på vestar og andre klede som skal gjera folk synlege.

[endre] Namn på gult

norsk er gul bare namnet på ein farge, me veit ikkje kvar det kjem frå. På nokre andre språk er namnet avleia frå noko som er gult. Dette gjeld til dømes maori, der fargen har fått namn etter kowhaiblomen, og tamil, der gul er kalla opp etter det gule krydderet gurkemeie.

[endre] Sjå òg

  • Gulehavet
  • Den gule floden
  • Gule sider
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com