Edda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edda er eit kvinnenamn med ulike historiar. Me kan finna eit norrønt, eit fellesgermansk og eit italiensk. Det er best kjend som namnet på dei to bøkene som har gjeve ettertida mest kunnskap om norrøn gudetru, den eldre Edda og den yngre Edda. Kvada som står i bøkene blir gjerne kalla eddadikt.
Innhaldsliste |
[endre] Norrøn tyding
Det er uklårt kva namnet «Edda» i norrøn tradisjon tyder. Det var namnet til ei av kvinnene Heimdall fekk barn med i Rigstula. Det skulle der tyda oldemor, og Edda var stammor til trellane. Ein har hevda at boka som seinare skulle bli kalla den yngre Edda fekk namnet sitt fordi ho var så gammal, som ei oldemor. Andre har føreslått at det viser til Oddi, der Snorre Sturlasson blei utdanna, eller at ordet ganske enkelt tyder 'poetikk'
Som kvinnenamn blir det brukt av dotter til kong Hårek i soga Bósa saga og Herrauðs frå rundt 1300.
[endre] Germansk tyding
Namnet Edda kan vera ei kortform av namn som byrja med Ed- eller Ead-, som tyder 'rikdom', eller Edel-, som tyder 'edel' eller 'adeleg'. Slike namn, som Edwina og Edelgard, har vore særleg vanlege i Tyskland og England.
[endre] Italiensk tyding
Edda er avleia av Hedda, som igjen er ei kortform av Hedvig og tyder strid eller krig.
[endre] Namneberarar
- Edda Manga, svensk historikar
- Edda Moser, tysk operasongar
- Edda Mussolini, dotter av Benito Mussolini
[endre] Sjå òg
- Eddafeltet, eit oljefelt i Nordsjøen. Feltet var i produksjon frå 1979 til 1998
- Tidsskriftet Edda, nordisk tidsskrift for litteraturforskning, som har vorte utgjeve frå 1914
- Edda kino, eit kinosenter i Haugesund