Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Helheim - Wikipedia

Helheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer helheimen nedst.
Forstørr
Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer helheimen nedst.

Helheim, Helgardh eller ganske enkelt Hel er i norrøn mytologi eit dødsrike, heimen til gudinna Hel. Der herskar ho over dei døde som ikkje kjem til Åsgard. Dei som døyr i kamp, og ikkje på sotteseng, kjem til Valhall eller Folkvang hjå æsene.

[endre] Mytologisk geografi

Helheim ligg i verda Nivlheim, under den tredje rota til verdstreet Yggdrasil. Nivlheim er ein kald stad og den nedste av alle verdene. Namnet Nivlheim tyder skoddeheimen eller tåkeheimen. I Helheim går dei døde kring som skuggar i skoddeheimen. Vegen til Helheim, helvegr, går nord og ned og over Gjallarbrua.

Over Gjallarbrua kjem ein til jernskogane. Grantrea er endra til svarte metalltre, kvar ei nål er skarp som ein dolk. Etter kvart tek jernskogen slutt, og dei svarte trea i Nivlheim kjem att. Om ei stund kjem ein til byen Valgrind. Valgrind er Hel sin by, vakta av ulven Garm ved hola Gnipa.

Nastrond, der dragen Nidhogg gnagar på rota til Yggdrasil, skal grensa opp til eller vera ein del av Helheim. Nastrond vert omtala som dei døde si strand. Helheim ligg ved den kalde kjelda eller brunnen Hvergelmir. Elva Gjall eller Gjoll flyt frå Hvergelmir i fjella i Nivlheim og omkrinsar Helheim. Elva Gjall skal det vera umogleg å kryssa ut av Helheim. Sjølv ikkje gudar kan koma seg ut av Helheim. Inngangen til Helheim er vakta av Garm, ein monsterliknande og stor hund. Modgud, tenarinna til Hel, står vakt ved Gjallarbrua. Brua er brulagd med gull og er den einaste vegen inn til Helheim. Vatnet i elva Gjall er for ein stor del skum og virvelstraumar der det flyt bein og skjelettdelar. Dei som kjem ut i elva vert snøgt rivne sund mot botnen av elva.

Den gigantiske Hraesvelg («liketar») sit på enden av verda, og ser ut over Helheim. I form av ei ørn med flagrande venger får han vinden til å blåsa.

[endre] Opphav

Odin kasta Hel ned til Nivlheim, ettersom han var redd for kva Hel og brørne hennar kunne gjera mot æsane. Ho fekk herredømet der og bygde seg eit rike. Helheimen var ikkje eit helvete som ein vart sendt til som straff for vonde gjerningar, han minna meir om andre gamle europeiske dødsrike, til dømes det greske Hades. Snorre Sturlason seier i sine soger at alle som døyr av elde eller sjukdom hamnar hjå henne, men truleg kom alle som ikkje vart henta av valkyrjene til Åsgard dit. Balder, som vart skoten av ei pil under leik, havna mellom anna hjå Hel.

[endre] Sjå òg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com