Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Klima i Europa - Wikipedia

Klima i Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Emne om Europa

Europeisk historie

Klima i Europa

Satellittbilete av Europa
Forstørr
Satellittbilete av Europa

Klimaet i Europa er roleg samanlikna med andre landmassar på same breiddegrader. Området vert sjeldan råka av alvorlege uvêr eller ekstreme vêrsituasjonar. I Nord-Amerika har ein tornadoar, orkanar og snøstormar, medan land som Kina kan få både ekstrem varme og brutal kulde. I Europa kan eit temperaturfall på 10 grader frå ein dag til den neste vere ein signifikant vêrendring, medan dette ikkje er uvanleg i USA.

[endre] Temperatur

Madrid ligg på same breiddegrad som New York City (omlag 40,5ºN), medan København er nærare Nordpolen enn det Patagonia lengst sør i Sør-Amerika er Sydpolen. Likevel har Europa eit temperert klima, og dette kjem av den milde og fuktige lufta som strøymer inn over Europa frå Atlanterhavet i vest. Europa har ikkje store fjellkjeder som Rocky Mountains i Nord-Amerika eller Andesfjella i Sør-Amerika som hindrar den vestlege vinden å blese denne milde havlufta langt inn på kontinentet. Europa har heller ikkje store landmassar nord for seg som kan sende iskalde kuldebølgjer sørover, slik ein ser i Canada, USA og Mexico kvar vinter. Kald luft kan derimot innimellom strøyme vestover frå Russland og Sibir og gje svært kalde forhold i store delar av Europa. Ein har sjeldan trykkande varme i nordlege og sentrale områder av Europa, men sør for Alpane er det derimot annleis. Når Middelhavet vert varma opp om sommaren kan Spania og Hellas få steikande varme. Av og til kan tørr og varm vind frå Sahara strøyme nordover på kontinentet og gje høge temperaturar òg nord for Alpane.

[endre] Nedbør

Sidan Atlanterhavet i stor grad påverkar klimaet i Europa kunne ein forvente at Europa i det store og heile har eit fuktig klima. Nordlege og sentrale delar av Europa får ein god del regn og snø gjennom heile året, men store delar av kontinentet får ikkje dei store mengdene. Det meste av kontinentet nord for Alpane, frå Frankrike via Tyskland til Russland har ein nedbørsnormal som er mindre enn 1000 mm i året. Paris og London har enno mindre, berre omlag 600 mm i året, noko som er mindre enn til dømes New York City, San Francisco og Sydney.

I andre delar av verda vil dette ha vore altfor lite nedbør til å halde liv i jordbruket og plantelivet ein finn over heile Europa. Sidan Europa ligg på så pass høge breiddegrader hindrar dette sola i å svi plantene og tørke opp jorda. I tillegg vil den relativt høge fukta og det omfattande skydekket hindre regnet i å raskt fordampe frå jordoverflata. Nedbøren kjem som regel heller ikkje styrtande ned i store mengder som renn raskt vekk frå overflata, men i små mengder i form av yr og lett regn som gjev jordoverflata god tid til å absorbere vatnet. Det finns derimot unntak, og langs vestkysten av Dei britiske øyane og Skandinavia kan det regne i store mengder over lang tid. Vestlandet er det våtaste området i heile Europa (og på den nordlege halvkula utafor tropane), og byane Førde og Bergen er dei våtaste byane. Enkelte område på Vestlandet har ein nedbørsnormal på over 3000 mm i året.

Alpane fører til fleire forskjellige vêrsituasjonar rundt seg, medan Spania med sine fjellområde, høge platå og store havområde på begge sider har mange forskjellige typar lokalklima. Sjølv land med meir einsarta topografi, som Belgia og Nederland, kan ha forholdsvis store endringar i vêret frå dag til dag på grunn av lågtrykk (ekstratropisk syklon) som kjem inn frå vest.

[endre] Kjelder

  • Henson, Robert: The Rough Guide to Weather. Rough Guides 2002.
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com