Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Karl Dönitz - Wikipedia

Karl Dönitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karl Dönitz (16. september 1891 - 24. desember 1980) var ein tysk marineoffiser og rikspresident i Tyskland.

Dönitz var fødd i Grünau nær Berlin. Han gjekk inn i den tyske marinen i 1910, og deltok i den første verdskrigen, til han blei teken som krigsfange av britane. Under den andre verdskrigen var han først leiar for det tyske ubåtvesenet og seinare storadmiral, leiar av den tyske marinen, utan nokon gong å melda seg inn i nazistpartiet. Dönitz stod mellom anna for den tyske U-båtkrigen mot alle allierte skip i Atlanterhavet. Han kom sjølv til å mista begge sønene sine, Klaus og Peter, til militære skip som blei senkte av dei allierte.

Etter at Adolf Hitler tok livet sitt den 30. april 1945 blei Dönitz tysk president i følgje til testamentet hans. Den 7. mai gav han general Alfred Jodl løyve til å kapitulera utan vilkår til dei allierte. Regjeringa til Dönitz blei ikkje godkjend av dei allierte, og alle medlemmene blei arresterte av britiske troppar den 23. mai i Flensburg.

Ved krigsdomstolen i Nüremberg blei Dönitz tiltalt for aggressiv krigføring og brot mot krigslovane, men ikkje for brot mot menneskja, slik mange andre tidlegare tyske leiarar blei. Sjølv om Dönitz hevda at amerikanske styrker hadde gjort alt det same hans folk hadde, blei han funnen skuldig, og dømt til elleve og eit halvt år i fengsel. Fleire allierte offiserar var imot dommen, og sende Dönitz støtteerklæringar.

Dönitz sona ti år i Spandaufengselet i Berlin før han blei sluppen fri den 1. oktober 1956. Han flytta til landsbyen Aumühle i Schleswig-Holstein, nær Hamburg. Der skreiv han memoara sine. Zehn Jahre, Zwanzig Tage kom ut i 1958 og skildra krigserfaringane hans. Mein wechselvolles Leben frå 1968 dreide seg om livet til Dönitz før 1934, og fekk mindre merksemd. Dei to titlane blei seinare slått saman til eitt verk.

Dönitz døydde julaften 1980 i Aumühle, og blei gravlagd den 6. januar året etter. Under gravferda blei han heidra av utanlandske marineoffiserar og tidlegare fiendar.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com