Jeanne d'Arc
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeanne d'Arc (januar¹ 1412—30. mai 1431) er ein fransk helgen og nasjonalheltinne.
Etter fleire religiøse syn i oppveksten tok ho sytten år gammal kommandoen over den franske hæren og kjempa mot engelskmennene i Hundreårskrigen. Ho vann fleire sigrar som gjorde at Karl VII kunne bli krona. Jeanne d'Arc leia hæren til ho blei teken til fange av burgundarane og overlevert til engelskmennene. Av desse blei ho dømd som kjettar og avretta ved å bli brend på bålet.
Jeanne d'Arc hadde gjeve ny styrke til Karl VII si side under Hundreårskrigen. Ho blei sett på som eit nasjonalt symbol for Frankrike, og blei seinare helgenerklært av den katolske kyrkja. Festdagen hennar er den 30. mai.
¹ Ho var anten fødd på eller dagen etter heilagetrekongarsdag, 6. eller 16. januar
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |