Internet Explorer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Internet Explorer (IE eller MSIE) er ein nettlesar utvikla av Microsoft Corporation. Den blir solgt som ein del av Microsoft sitt operativsystem Microsoft Windows. Det er den vanlegaste nettlesaren, og har i dag rundt 86% av nettlesarmarkedet [1], i den grad det kan kalles eit marked. Nettlesaren har blitt levert som ein integrert del av dei nyaste versjonane av Microsoft Windows, noko som har gjort det lettare for dataormar og datavirus å utnytte hol i nettlesaren for å infisere ei datamaskin. Microsoft har også vore i flere rettsakar på grunn av at mange har ansett det som konkurransevridande for nettlesermarkedet å integrere nettlesaren i operativsystemet.
Internet Explorer er bygd på Spyplass, Inc. sin Mosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i 1995 etter Netscape sin oppstart og suksess. Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i 1997 endte med eit forlik på 8 millionar USD til Spyglass [2].
[endre] Eksterne lenkjer
- Internet Explorer
- IEBlog - Weblog for utviklingsgruppa