Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gudmund Hernes - Wikipedia

Gudmund Hernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gudmund Hernes (fødd 25. mars 1941 i Trondheim) er norsk sosiolog, forfattar, politikar og tidlegare statsråd for Arbeiderpartiet.


Innhaldsliste

[endre] Hernes sin sosiologi

Som del av den første Maktutgreiinga utvikla Hernes modellar om makt basert på teoriar om målretta aktørar og med inspirasjon frå ny-klassisk økonomi.

I boka Makt og avmakt analyserte Hernes makt først og fremst som basert på eit byte mellom aktørane. Eit system kan t.d. vere sett saman av to aktørar som begge har kvar sin ressurs og der begge har interesse av den andre sin ressurs. Forholdet arbeidstakar - arbeidsgjevar er typisk i så måte der arbeidstakaren har interesse av pengar for å tene til livsopphaldet sitt, medan arbeidsgjevaren har interesse i arbeidaren si arbeidskraft. Ein aktør har makt i høve til ein annan aktør i kva grad den eine er avhengig av den andres ressurs.

Ut frå denne modellen vil ein aktør ha liten makt når vedkomande kontrollerer lite av interesse for andre. Den vil også minske i den grad andre aktørar kontrollerer saker av stor interesse for henne/han, eller at dei har kontroll over kva saker som skal avgjerast og i kva grad dei kan kontrollere kven som kan avgjere saka.

I boka Forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon utvikla Hernes teoriane om makt i ein noko anna retning ved å setje ulike modellar, t.d. marknad, demokrati og byråkrati, opp mot einannan og sjå korleis dei empirisk perverterer kvarandre.

[endre] Sentrale bøker av Gudmund Hernes

[endre] Utdanning og yrkesbane

  • Artium ved Trondheim Katedralskole i 1960, historie mellomfag ved Norges Lærerhøgskole i 1961, seinare sosialøkonomi støttefag (1963) og sosiologi grunnfag (1964) ved Universitetet i Oslo.
  • 1966: Drog til Johns Hopkins University i USA, der han studerte under Arthur Stinchcombe og James S. Coleman, med sosiologisk teori og matematisk sosiologi som spesialemne.
  • Tok Ph.D graden i 1970 på ein avhandling om maktforholda i det norske Stortinget: "Interest, Influence and Cooperation".
  • 1969 Blei universitetslektor ved Universitetet i Bergen og professor same staden i 1971.
  • I 1970-åra var han med i forskargruppa for den første Levekårsundersøkelsen, og var med å leie den første Maktutgreiinga.
  • 1974-1975: Var Fellow ved Center for Advanced Study in the Behaviorial Sciences ved Stanford (Palo Alto).
  • 1980-1981: Statssekretær i Planleggingssekretariatet (knytt til Finansdepartementet) leia av statsråd Per Kleppe.
  • Frå 1983 var han knytt til FAFO som forskingsleiar og til Universitetet i Oslo som Professor II.
  • Visiting Professor ved Harvard University i 1986-1987 og hausten 1990.
  • Frå hausten 1990 til desember 1995: Statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
  • Helseminister frå desember 1995 til oktober 1997.
  • 1997-1999: Knytt til IT Fornebu og Norsk Investorforum.
  • Desember 1999 blei han direktør ved UNESCO's International Institute for Educational Planning, og har også vore UNESCO's koordinator for HIV/AIDS.
  • Medlem av Det norske Videnskaps-Akademiet, Det Kgl. Norske Videnskapers Selskab og Agder Akademi.
  • Æresdoktor ved Universitet i Umeå.

[endre] Reaksjonar på Hernes

Hernes sine synspunkt både som forskar og politikar har generert mykje kontrovers opp gjennom tida. På 1970-talet galdt det utforminga av og resultata til Maktutgreiinga. Frå slutten av 1980-talet har det først og fremst vore utdanningspolitikken og dei store reformane i grunn- og vidaregåande skule på 1990-talet (Reform 94 og Reform 97) samt innføringa av nye organisasjonsformer i Høgare utdanning.

[endre] Nokre kritiske arbeid

  • Maktens ansikter. Perspektiver på makt og maktforskning (1981) (red. K.Andenæs, T.Mathiesen og T.Johansen) ISBN 82-05-13120-1
  • Makt i Norge. Hva gikk galt med maktutredningen? (1983) (red. O.Nordhaug og N.Veggeland) ISBN 82-7322-153-9
  • Exorbitant exchange. The defective empirical foundations of sociological models of social exchange (1987) av Per Otnes, ISBN 82-570-0862-1
  • Mistillitens sosiologi. Retorikk og reform i Hernes' utdanningspolitikk (2003) av Tom Are Trippestad (i boka Dannelsens forvandlinger) ISBN 82-530-2549-1
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com