Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
GNU Free Documentation License - Wikipedia

GNU Free Documentation License

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

GNU-logoen
Forstørr
GNU-logoen

GNU Free Documentation License (GFDL, GNU fri dokumentasjonslisens omsett til norsk) er ein «copyleft» lisens for fritt innhald laga av Free Software Foundation (FSF) for GNU-prosjektet. Den aktuelle versjonen av lisensen er versjon 1.2 som er å finna på GNU si vevside.

Lisensen er laga for programvaredokumentasjon og anna referanse og intruksjonsmateriell. Den slår fast at alle kopiar av innhaldet, sjølv om det er endra, skal ha den same lisensen. Kopiane kan seljast, men dersom dei blir produsert i større mengder skal ein original gjerast tilgjengeleg som gjer vidare endringar enkelt. Wikipedia er det største dokumentasjonsprosjektet som brukar lisensen.

Mange personar og grupper, t.d Debianprosjektet (basert på deira retningsliner), ser på GFDL som ein ikkje-fri lisens. Grunnane til dette er at GFDL tillet "invariant" tekst som ikkje kan endrast eller fjernast og at forbodet mot DRMsystem hindrar gyldig bruk også.

Innhaldsliste

[endre] Secondary Sections

Lisensen skil mellom ein «Document»-del og ein «Secondary Sections»-del. «Secondary Sections»-delane skal ikkje vera samanvevd med «Document»-delen., men er der som «forheng og vedheng» (forside, appendiks). «Secondary sections»-delar kan innehalda informasjon om forfattaren eller utgjevaren sitt forhold til innhaldet, men ikkje innhald i seg sjølv. Medan dokumentet i seg sjølv er fullt ut redigerbart, og er i alt vesentlig dekka av (men ukompatibel med) ein GNU GPL-tilsvarande lisens, har nokon av «Secondary sections»-delane ulike restriksjonar hovudsakleg for å sikra skikkeleg godkriving av tidlegare forfattarar.

Forfattarane av tidlegare versjonar skal godskrivast og «invariant»-deler spesifisert av originalforfattaren som handlar om denne sitt forhold til innhaldsemnet skal ikkje endrast. Dersom innhaldet blir endra så må tittelen på dokumentet også endrast. Lisensen har også reglar for forside og bakside på bøker, og «History», «Acknowledgements»-, «Dedications»- og «Endorsements»-delar.

[endre] Kritikk mot GFDL

Det er fleire argument mot GNU FDL, og nokre kritikarar anbefaler andre lisensar som t.d Creative Commons-lisensar eller til og med GNU GPL.

[endre] Brei DRM-klausul

Lisensen seier:

You may not use technical measures to obstruct or control the reading or further copying of the copies you make or distribute.

Kritikken går ut på at denne «klausulen» er for brei fordi den også gjeld for private kopiar som ikkje er vidaredistribuert. Dette kan såleis tolkast til å bety at ein ikkje kan zippa, kryptera, eller til og med lagra GNU FDL kopiar i eit lukka filformat sidan det hindrar lett lesing/tilgang av/til innhaldet, utan å bryta lisensvilkåra. I tilleg er 'technical measures' undefinert og kan difor tolkast breitt. Nokon former for lagringsmedium og filformat kan ha DRM-funksjonar innebygd. Dette kan bety at ein ikkje kan bruka slike medium uta å bryta lisensvilkåra, sjølv om ein gjer det mogleg å få tilgang på kjeldedokumentet på andre måtar.

[endre] Invariant sections

Eit GNU FDL lisensiert verk kan fort bli «overbelasta» av «invariant»-delar som alltid må takast vare på. Dette kan føra til at det samlar seg opp ei rad med tittelsider og dedikeringar som må vera med i kvar einaste kopi av verket (også kopiar på papir), dersom det har ei lang redigeringshistorie med ulike forfattarar. Slike sider kan ikkje fjernast før verket ikkje er dekka av opphavsrett lenger (noko kan ta langt over 100 år).

[endre] Ikkje kompatibel med GPL

GNU FDL er ikkje "kompatibel" med GPL-lisensen: GFDL-lisensiert innhald kan ikkje leggjast inn i GPL-lisensiert programkode, og tekst frå GPL-lisensiert porgramkode kan ikkje leggjast inn i GFDL-lisensiert innhald. Av den grunn blir ofte programkode-eksempel dobbeltlisensiert under både GPL og GFDL, slik at den både kan brukast i programkoden og dokumentasjonen til den.

[endre] Historie

Ein kladd til GFDL vart publisert seint i 1999 for å få tilbakemeldingar. Etter endringar vart versjon 1.1 publisert i mars 2000, og versjon 1.2 i November 2002.

[endre] Sjå og

[endre] På verdsveven

Here are resources discussing the appropriateness of the GFDL:

  • fsf.org - GNU Free Documentation License
  • people.debian.org - Draft of Debian position statement about the GFDL
  • home.twcny.rr.com - Why You Shouldn't Use the GNU FDL
  • wikitravel.org - Why Wikitravel isn't GFDL: Problems with using the GFDL for short printed texts
  • gnu.org - The Free Universal Encyclopedia And Learning Resources
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com