Elektron
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit elektron er ein negativt ladd elementærpartikkel som kretsar rundt kjerna i eit atom.
[endre] Historie
Ordet elektron vart oppfunne av Georg Johnstone Stoney for å beskrive den minste eininga for elektrisk ladning. Elektronet vart påvist av J.J. Thomson i 1897.
[endre] Eigenskapar
Når det er like mange elektron som proton i atomet er atomet elektrisk nøytralt. Når det ulikt tal elektron og proton i atomet er atomet eit ion.
Elektronets ladning er: -1,602177 × 10-19 C. Det er same ladning som eit proton har, men med motsett fortegn. Elektronets masse er: 9,1093897 × 10-31 kg. Det er omlag 1⁄1836 av massen til eit proton. Elektronet har spinn ½ og er dermed eit fermion.
Som dei andre kjende elementærpartiklane har elektronet ei rak motsetning, positronet, som har motsett ladning av elektronet og består av antimaterie. Viss eit elektron og eit positron kjem i kontakt med kvarandre, vil dei oppheve kvarandre i eit kraftig glimt av gammastråling der to foton med energi 511 keV fyk i kvar si retning. Eit elektron i fart har eit sirkelrundt magnetfelt rundt seg i eit plan på tvers av retninga. Elektronet er rekna til ei klasse av elementærpartiklar som vert kalla leptonar.
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |