Dugong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dugongen (Dugong dugon) er den minste arten av sjøkyrne. Eit fullvakse dyr er som regel under 3 meter.
[endre] Leveområde
Dugongane fantest ein gong i heile Stillehavet og Det indiske havet, men bestanden er gått kraftig ned. Det finst grupper på ti tusen dyr eller meir rundt Det store barriererevet og Shark Bay i Australia og i Torresstredet sør for Ny-Guinea. Det fantest truleg eit stort antal dugongar ved kysten i Mozambique og Kenya før 1970, men desse har no minka. Det finst òg ei mindre gruppe ved Palau. I januar 2003 vart ein dugong på 2 meter og 300 kg fanga utanfor Tanzania. Det var den første på 70 år.
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |