Duefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duer |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Dolkestikkdue (Gallicolumba luzonica) |
||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||
Columbidæ Illiger, 1811 |
Duer (Columbidæ) er ein fuglefamile med 308 artar som tilhøyrer duefuglane. Dei er særmerkte ved at dei kurrer og gjev ungane sine «duemelk» frå kroen. Fuglane har kompakte kroppar med kort hals og korte, slanke nebb.
Den best kjende duetypen i Noreg og mange andre stader er klippedue eller bydue (Columba livia) som held til i byar. I Noreg finst òg skogdue (Columba oenas), ringdue (Columba palumbus), turteldue (Streptopellia turtur) og tyrkardue (Streptopelia decaocto).
Innhaldsliste |
[endre] Duer i kulturen
Fuglane er blitt sett på som fredelege, elskelege vesen, og er gjennom turtelduer blitt symbol på kjærleik medan kvite duer står for fred. Innan kristendommen symboliserer fuglen den heilage anden. Fleire namn er blitt tekne frå fuglen, som det nederlandske Dyveke og det spanske Paloma.
[endre] Duer og menneske
Den gode retningssansen til fuglane har gjort at ein kunne bruka dei som brevduer. I dag held ein òg konkurranseduer som skal finna heim raskast mogleg.
Mange har gleda seg over å gje duer mat på torg i ulike byar. Men auken av byduebestanden har mange stader ført til motstand mot dyra, som bråkar, forsøplar og kan spreia sjukdom. Derfor er det fleire stader, som på Picadilly Circus i London innført forbod mot å mata duer.
[endre] Slekter frå duefamilien
Med eit utval artar
|
|
[endre] Bakgrunnsstoff
- Pigeon blog (dueblogg på engelsk)