Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dronning Margrete Valdemarsdotter - Wikipedia

Dronning Margrete Valdemarsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stikk av H.P. Hansen
Forstørr
Stikk av H.P. Hansen

Dronning Margrete Valdemarsdotter eller berre Margrete Valdemarsdatter vart fødd i 1353 og døydde den 28. oktober 1412.

  • Dronning av Noreg frå 1363 til 1380.
  • Regjerande dronning av Noreg frå 1388 til 1412.
  • Regjerande dronning av Danmark frå 1375 til 1412 (Margrete eller Margrethe). Margrete vert sett på som dronning av Danmark, sjølv om ho ikkje offisielt titulerte seg slik. Ho "nøgde" seg med tittelen "fuldmægtig frue og husbonde og Danmarks riges formynder".
  • Regjerande dronning av Sverige frå 1389 til 1412 (drottning Margareta).

Margrete var dotter av kong Valdemar Atterdag. Som 10-åring i 1363 vart ho gift med kong Håkon VI Magnusson av Noreg. I 1370 fekk dei sonen Olav (dansk Olof). Valdemar Atterdag døydde i 1375. Margrete fekk då vald den fem-årige sonen til konge av Danmark som Oluf III av Danmark. I 1380 døydde kong Håkon VI Magnusson av Noreg, og sonen Olav IV Håkonsson overtok trona.

Medan sonen var mindreårig, var ho formyndar for han og regjerte på vegne av han. Då Olav døydde i 1387, vart Margrete vald til regent av riksrådet i Danmark. Valet vart tilskunda av drost Henning Podebusk. Margrete tok systera si sin dotterson til fosterson. Han heitte Bogislaw og var son av Vartislav VII av Pommern. Som fosterson fekk han det meir danskklingande namnet "Erik" (seinare Erik av Pommern). I 1388 vart Margrete vald til regent i Noreg. I Sverige var det nærast borgarkrig mellom stormennene og kongen, Albrecht III av Mecklenburg. Ved Dalaborgavtala i 1388 vart Margrete vald til regent over den delen av Sverige som stormennene kontrollerte. Dei lova å hjelpa Margrete med å få resten av Sverige. Stockholm by, som var under kontroll av tyske kjøpmenn, vart omringa. Mecklenburg kom til hjelp og starta med herjinger langs kysten i Danmark. Etter eit forlik enda det med at Margrete vart regent i Sverige. Då var heile Norden i hennar makt. Island, Færøyane og Grønland fylgde med Noreg. Finland fylgde med Sverige.

Margrete sin sakrofag i Roskilde Domkyrkje
Forstørr
Margrete sin sakrofag i Roskilde Domkyrkje

Margrete byrja etter dette å styrka si stilling. Ho overtok sjølv embeta som dansk marsk og drost og syrgde for at riksrådet si makt minska. Stormennene fekk ikkje byggja eigne borgar. Byar måtte ikkje forskansast. I 1396 fekk Margrete hylla Erik som konge av Danmark og Noreg og seinare av Sverige. Eit unionsmøte vart innkalla til i Kalmar. Den 17. juni 1397 vart Erik krona til konge av Norden, av Kalmarunionen. Den 13. juli 1397 sette 67 geistlege og riksråda deira segl på kroningsbrevet, der dei avla truskapseid til kongen. Margrete trekte seg formelt som formyndar i 1401. På mange vis var det nok ho som framleis trekte i trådane fram til ho døydde.

Margrete døydde i 1412, truleg av pest. Ho var då på eit skip i Flensborg Fjord. Ho vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje.

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Dronning Margrete Valdemarsdotter

[endre] Litteratur

  • Poul Grinder-Hansen (red): Margrete 1 : Nordens Frue og Husbond : Kalmarunionen 600 år, København : Nationalmuseet, 1996. (Essay og utstillingskatalog) ISBN 87-89384-51-2
  • Eldbjørg Haug: Margrete - den siste dronning i Sverreætten : Nordens fullmektige frue og rette husbonde, Oslo 2000 ISBN 82-02-17642-5

[endre] Sjå óg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com