Brussel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brussel (ndl. Brussel, fr. Bruxelles, ty. Brüssel, jid. בריסל [Brisl]) er hovudstaden i Belgia og delstaten Flandern. Han blir òg rekna som hovudstaden i EU.
Området kring Brussel utgjer ein sjølvstendig region som ligg som ein enklave i Flandern. Det tilhøyrer verken det nederlandsktalande Flandern eller det fransktalande Vallonia, og både nederlandsk og fransk er offisielle språk i byen.
Opprinneleg vart byen grunnlagt på den litle øya Saint-Gery midt ute i elva Senne, der Charles (son av Ludvig IV av Belgia) omkring 979 bygde eit lite fort. Resten av det området som Brussel er bygd på i dag, var opprinneleg myr. Elva Senne, som går midt gjennom byen, vart overbyd under kongen Leopold II av Belgia. Sankt Mikael (Saint-Michel) er skytsengel for byen.
I Brussel ligg mange av EU-institusjonane, inkludert EU-kommisjonen og det eine av Europaparlamentet sine to møtestader (det andre ligg i Strasbourg), og dessutan hovudkvarteret til NATO.
Manneken Pis er ein av dei mest populære turistattraksjonane.
[endre] På verdsveven
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |