Baku
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baku (aserbajdsjansk Bakı) er ein by som er hovudstad i Aserbajdsjan. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2003 om lag 1,9 millionar innbyggjarar, medan tettstadområdet Baku har omkring 3 millionar.
Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomster av petroleum.
Frå 1400-talet vart lampeolje utvunne frå oljebrønnar. Kommersiell utnytting av olja byrja i 1872 og i byrjinga av 1900-talet var oljefelta i området dei største i verda. Mot slutten av det 1900-talet var store delar av petroleumsressursane til lands vorte utvunne. Utvinninga går etter kvart meir og meir føre seg til havs, offshore i Kaspihavet. Slaget om Stalingrad i andre verdskrig var ein del av tysk framrykking for å få kontroll over petroleumsressursane ved Baku. Femti år tidlegare produserte Baku halvdelen av verdas oljeforsyning.
Baku har tre dominerande bydelar. Byen kan delast inn i gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskt bygde delen av byen. Fortet i gamlebyen vart i år 2000 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.
[endre] Bakgrunnsstoff
- UNESCO om verdsarven i Baku
- Info om Baku
- Baku Pages, informasjon for bakubuar i inn- og utland