Auckland City
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auckland | ||
---|---|---|
Bymessig område | Folketal | 425 400 |
Utbreiing
Auckland isthmus, |
||
Areal | 637 km² | |
Koordinatar | ||
Region styre |
Namn | Auckland |
Folketalet er eit estimat for 30. juni 2005 Kjelde: Statistics New Zealand |
- Denne artikkelen skildrar den frittståande byen Auckland City. Hovudartikkelen Auckland gjev ei generell oversyn over heile hovudstadsområdet.
Auckland City (uformelt Sentrale Auckland) er territoriet som dekkjer eidet som bind saman Nordøya på New Zealand med ei stor halvøy som stikk nord i Stillehavet. Somme øyar i Hauraki-golfen går òg inn i byen. Ackland City sjølv inngår i Auckland bymessige område saman med dei andre urbane nabobyane North Shore, Waitakere og Manukau. Delar av dei nærliggande Papakura, Rodney og Franklin distrikt reknast òg inn i Auckland bymessige område.
Auckland City er den største byen på New Zealand med ein storleik på folkesetnaden førebels estimert til 425 400, tal frå 20. juni 2005. Styret for regionen Auckland har sete i Auckland City.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Sentralregjeringa på New Zealand omstrukturerte det lokale styresettet i landet i 1989. Då vart Auckland City slegen saman med åtte andre og mindre einingar til ein ny og større Auckland City. Den nye byen fekk dobbel folkesetnad i forhold til den gamle og fusjonen definerte dagens geografiske grenser for byen.
[endre] Trong for ein sterkare integrasjon
I samband med diskusjonar kring utforming av offentlege tenester i regionen har somme gjort framlegg om ein sterkare integrasjon av alle byar i Auckland bymessige område, eller til og med skipa eit nytt einskapleg styre for Auckland. Dei som stiller seg bak eit slikt framlegg peikar på ineffektivitet i byråkrati innanfor sju lokale og eit regionalt styre, medan opponentane viser til mislukka samanslåingar av andre urbane område, generelt tvil om forbetra effektivitet og at fusjonsprosessen er mindre demokratisk.
[endre] Geografi
Hovuddelen av Auckland City ligg på eit eid (landbru). Waitemata Harbour, som opnar mot Hauraki Gulf i nord, skil eidet frå North Shore byen. Manukau Harbour opnar mot Det tasmanske hav i sør. Øyane i den indre golfen omfattar Rangitoto, Motutapu, Browns Island, Motuihe, Rakino, Ponui og Waiheke, medan den ytre golfen inkluderer Little Barrier, Great Barrier og Mokohinau Islands. Ein signifikant del av det sentrale forretningsområde er bygd på tomtegrunn som vart utvikla igjennom dei siste hundreåra.
[endre] Venskapsbyar
Auckland City har desse venskapsbyknytingar: Brisbane, Australia; Guangzhou, China; Fukuoka, Japan; Busan, Sør-Korea; Los Angeles, USA; Tomioka og Gunma, Japan og Shinagawa, Tokyo.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Auckland City nettstad
- History of Auckland City av Graham Bush på engelsk språk