Nordøya på New Zealand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Sørøya.
Der er fleire viktige byar på Nordøya; den største byen på New Zealand, Auckland, ligg i nord, hovudstaden Wellington ligg ved den sørlege enden av øya. Kring 76% av innbyggjarane på New Zealand bur på Nordøya.
Māorisk mytologi fortel at Nord- og Sørøyene på New Zealand vart skapte på halvguden Māui si tid.
Segna seier at Māui og brørne hans var ute i kanoen sin og fiska då han fekk ein svær fisk på kroken og drog han opp or sjøen. Men medan han ikkje passa på ein augneblink, sloss brørne hans om fisken og hakka han opp.
Denne store fisken vart til Nordøya, slik kjem det seg at māoriane sitt namn på øya er Te Ika a Māui (Māui sin fisk). Fjella og dalane skal ha vorte danna av at brørne til Māui hakka opp fisken.
Nordøya har ei flatevidd på 113,729 km2, dette gjer henne til den 14. største øya på jorda.[1]
Innhaldsliste |
[endre] Litt historikk
På somme kart frå 1800-talet er Nordøya kalla New Munster.
[endre] Regionar på Nordøya
Ni lokale administrative regionar omfattar Nordøya med alle tilstøæytande øyer og territoriale farvatn:
- Northland
- Auckland
- Bay of Plenty
- Gisborne
- Waikato
- Taranaki
- Manawatu-Wanganui
- Hawkes Bay
- Wellington
[endre] Større og mindre byar på Nordøya
(Mindre tettstader er utelatne.)
- Auckland
- Cambridge
- Coromandel
- Foxton
- Gisborne
- Hamilton
- Hastings
- Huntly
- Kerikeri
- Matamata
- Masterton
- Napier
- New Plymouth
- Pahiatua
- Palmerston North
- Raglan
- Rotorua
- Stratford
- Taupo
- Tauranga
- Wellington
[endre] Kjende geografiske område
- Cape Reinga
- Cookstredet (Cook Strait)
- Tauposjøen (Lake Taupo)
- Tongariro nasjonalpark
- Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu
- Waikatoelva (Waikato River)
- Waipoua Kauri Forest
- Waitomogrottene (Waitomo Caves)