Wilhelm Röntgen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Conrad Röntgen (27. mars 1845—10. februar 1923) var ein tysk fysikar og vitskapsmann. Han arbeidde ved universitet i Würzburg, og oppdaga det som etter han har vorte kjent som røntgenstråler. Röntgen fekk den første Nobelprisen i fysikk i 1901.
Röntgen studerte på Eidgenössische Technische Hochschule i Zürich, og tok doktorgrad i 1869. I 1875 vart han professor i fysikk i Hohenheim, frå 1876 i Straßburg, frå 1879 i Gießen, frå 1888 i Würzburg og til slutt frå 1900 til 1920 i München.
Röntgen arbeidde innan felta krystallografi, termodynamikk og elektrodynamikk.
Medan Röntgen eksperimenterte med elektrisitet, oppdaga han den 8. november 1895 ei ny form for stråling. Denne strålinga kalla han X-stråling, av di ho til då hadde vore ukjend. På mange språk vert denne nemninga framleis nytta, og Röntgen sjølv ynskte ikkje å knyta namnet sitt til strålinga. Trass i dette er nemninga røntgenstråling vanleg i Skandinavia og Tyskland.
Det fyrste røntgenrøyret vart framstilla i Stützerbach i Thüringen etter Röntgen sine instruksar.