Volgograd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volgograd (russisk: Волгоград), tidlegare kalla Tsaritsyn (Царицын) (1598–1925) og Stalingrad. (Сталинград) (1925–1961), er ein by på vestbreidda av elva Volga. Byen ligg sørvest i Volgograd oblast i Russland. Byen har kring 1 012 000 innbyggjarar.
I 1589 bygde russarane ei festning for å forsvara Russland si dåverande grense mot sør. Byen ved festningen vart kalla Tsaritsyn, eit tartarsk ord som tyder «Gule sanddyner». I 1925 vart byen omdøypt til Stalingrad («Stalins by»), oppkalla etter statsleiaren i Sovjetunionen, Josef Stalin. Han skal ha leia byen under den russiske revolusjonen.
Stalingrad var under andre verdskrig slagstad for slaget om Stalingrad. Slaget gjekk føre seg frå 1942 til 2. februar 1943, med kampar frå hus til hus i byen. Slaget er i ettertid rekna som eit vendepunkt i krigen. Etter 2. februar 1943 måtte den tyske hæren i hovudsak forsvara seg mot framrykkande styrkar frå den raude arméen. Nmnet på byen vart endra til Volgograd («Volga by») i 1961, etter at nye styrande i Sovjetunionen tok avstand frå Stalin. Nokre stalinistar, pensjonistar og krigsveteranar i byen ynskjer å endra namnet attende til Stalingrad. Andre ynskjer seg namnet Tsaritsyn.