Volga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volga er den lengste elva i Europa.
Volga er òg namnet på eit russisk bilmerke, oppkalla etter elva.
Elva Volga er 3 530 km lang. Heile elvelaupet ligg i den europeiske og mest folkerike delen av Russland. Elva har utspringet sitt i Valdajfjella i Novgorod fylke i Vest-Russland og flyt austover til Kazan. Derifrå fortset elva sørover til ho renn ut i Kaspiahavet, 28 muh.
Volga har omlag 200 sideelvar. Dei største er Kama og Oka.
Det vert fiska mykje i Volga. Russisk kaviar kjem derifrå. Om vinteren er heile elva islagt. Då er isfiske, som oftast av gjedde, vanleg.