Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Vi har så korte armar - Wikipedia

Vi har så korte armar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi har så korte armar — med undertittel Tilstandsrapportar — er ein roman av Olaug Nilssen som vart utgjeven i 2002.

[endre] Handling

Liv og Ølgjer er to ungdomar på kring same alder frå bygda Skoddeheimen i Sogn og Fjordane fylke. Båe studerer dei i Bergen. I tilbakeblikk får lesaren glimt av oppveksten i ei bygd der skodda ligg tjukk i dagesvis og sola berre unntaksvis er framme. Når sola er framme, får ho folk til å gå ut, møtast og le saman.

Ein får inntrykk av at både Liv og Ølgjer har vore utsette for ei viss grad av mobbing, eller at dei i alle høve ikkje har vore med i gjengen. Det har derimot dei to fandenivoldske jentene — «vi» — som opnar og avsluttar romanen. Rett som det er kikar dei inn gjennom vindauga eller lyder ved dørene til hyblane til hovudpersonane. Desse kan like gjerne representera kjensla hovupersonane har av å verta fylgde med eit vake blikk av omgjevnadane, dvs. hjembygda. Både Liv og Ølgjer prøver å bryta opp frå dei verdiane dei er oppvaksne med og finna sitt eige liv.

Ølgjer er den som ser ut til å lukkast best med det, medan Liv blir lamma av tanken på korleis ho tek seg ut framfor andre — anten det er studiekameratar eller Ølgjer, som ho gjerne vil elska og bli elska av. Mykje av romanen skildrar fantasiane til Liv i form av indre monolog eller .dagboksblad. Ho viser og tendensar til manisk reinsemd, og er sjølvsagt av det noko lettvinte stellet til dei andre i hybelhuset.

[endre] Verkemiddel

Nilssen skriv ein typisk modernistisk prosa, med sitat, allusjonar og tekstbitar frå andre verk — særleg salmer. Handlinga vekslar mellom notid og fortid, og overgangane mellom ytre og indre plan, fantasi og røyndom er ofte umerkelege. Dialogane kan ta til i den verkelege verda for så å gå over til å bli indre samtalar Liv fører med andre. Lange parti kan minne om medvitsstraunmar der teksten blir styrt av assosiasjonar og tankesprang.

Tittelen kan visa til eit pessimistisk syn på om det er mogleg for menneske å nå kvarandre i meiningsfull kommunikasjon.

[endre] Anna

«Skoddeheimen» er addressa til Olaug Nilssen sin weblog (http://olaug.skoddeheimen.no/).

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com