Valkyrier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valkyrier eller valkyrjer var i norrøn gudetru kvinnelege dødsvetter som henta falne krigarar til Åsgard. Etter kvar kamp vitja dei slagmarka og tok med seg dei tapraste falne til Odin og Frøya, som husa dei i Valhall og Folkvang. Desse krigarane blei kalla einherjer.
Valkyriene var kledde i rustning og bar våpen. Dei kunne ri gjennom luft og vatn, over heile verda, og reiste alltid i flokk. I Åsgard serverte dei mjød og kjøt frå grisen Særimne, og underhaldt både æsene og einherjene.
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |