Ulrik Fredrik Gyldenløve
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrik Frederik Gyldenløve (1638-1704) var son av kong Fredrik III av Danmark-Norge og Margrete Pape. Han var dansk adelsmann og statthaldar i Noreg i tida 1664–1699.
Gyldenløve vart naturalisert adelsmann i 1655. Han vart greve av Larvik i 1671. Gyldenløve var eit namn gjeve til dansk-norske kongar sine born fødd utanfor ekteskap. Greven hadde såleis ikkje arverett til trona.
Han hadde tre ekteskap: 1. Sofie Urne, 2. Marie Grubbe (1660–1670) og 3. Augusta Antonia av Altenburg.
Gyldenløve gjorde ein stor innsats for Noreg som statthaldar. Han var godt likt for si interesse for Noreg. Han sette i verk ymse reformarbeid, mellom anna innanfor avgifts- og skattelovgjevinga. Han la òg ned eit stort arbeide i styrking av forsvaret, i første rekke ved gjenreising av forsvarsflåta og forsterking av dei norske festningane.
Han synte seg som ein dugeleg feltherre under Gyldenløvefeiden. Etter freden i Lund i 1679 flytta han til København og styrte Noreg derifrå. Etter at kong Kristian V av Danmark-Norge døydde i 1699 trakk han seg ut av statsstyret og flytta til Hamburg. Der han budde han dei siste fem åra av livet sitt.