Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fødd utanfor ekteskap - Wikipedia

Fødd utanfor ekteskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orphans (1885) av Thomas Kennington. Å vera fødd utanfor ekteskap kunne lett bli det same som å vera foreldrelaus.
Forstørr
Orphans (1885) av Thomas Kennington. Å vera fødd utanfor ekteskap kunne lett bli det same som å vera foreldrelaus.

Å vera fødd utanfor ekteskap vil seia å vera fødd utan at foreldrene har noko formelt band til kvarandre. I kulturar som legg vekt på ekteskap kan dette vera ei hindring for dei som er fødde i ein slik situasjon, både når det gjeld sosialt liv, formelle rettar og identitet. I samfunn med andre familienormer har fødselsstatusen til ein person mindre å seia.

Innhaldsliste

[endre] Bakgrunn

Medan ein lett kan vita kven som er mor til eit barn, er det vanskelegare å slå fast kven faren er. Mange stader er ekteskap derfor blitt brukt for å stadfesta farskapen til ungane som blir fødd inn i det, noko som igjen har gjeve dei vern og ein plass i samfunnet.

Ungar som blir fødde av ugifte mødre har dermed ofte falle utanfor. Dei som veks opp med bare ein forelder har ikkje den same støtten, i barndommen eller seinare, som dei som to har ansvaret for. Vidare har dei ofte ikkje hatt arverett etter foreldrene fordi dei var «illegitime» eller «uektefødde».

Dei som er fødde utanfor ekteskap er ofte blitt stigmatiserte, både i barndommen og som vaksne. I samfunn der samleie utanfor ekteskapet blir sett på som synd har ofte dei fått noko av skulda for opphavet sitt.

[endre] Følger

Dom Sierot, ein jødisk barneheim i Warszawa fotografert på 1930-talet.
Forstørr
Dom Sierot, ein jødisk barneheim i Warszawa fotografert på 1930-talet.

Mange stader har det vore vanleg å gje frå seg uektefødde ungar til barneheimar der dei blei tekne hand om til dei var store nok til å arbeida, viss dei overlevde. Ein kunne òg setta vekk ungen til fosterforeldre, anten framande eller slektningar. På nittenhundretalet blei det vanleg for ungar fødd utanfor ekteskap å bli adopterte.

Medan den katolske kyrkja stod for talrike barneheimar drivne av munkar og nonner, satsaprotestantismen, som ikkje hadde noko klostervesen, gjerne på at den ugifte mora sjølv skulle ta hand om ungen for å gjera opp for syndene sine. I moderne tid fekk ein òg statlege institusjonar der såkalla foreldrelause, men i regelen uektefødde, ungar kunne veksa opp.

[endre] Utvikling

For å hjelpa fattige åleinemødre gav fleire styresmakter etter kvart påbod om at barnefaren hadde plikt til å forsørga dei. I 1763 blei til dømes kjende barnefedre i Danmark-Norge pålagde å bidra til ungen var ti år gammal. Seinare kunne fedre som nekta å gjera dette hamna på tukthuset.

Dei fleste uektefødde ungar vaks likevel opp i fattigdom, og på nittenhundretalet prøvde ein å gjera noko med dette ved å oppfordra eller tvinga ugifte mødre til å adoptera vekk ungane sine.

I dei siste tiåra er det i Vesten blitt meir og meir vanleg å få ungar utanfor ekteskap og fostra dei opp sjølve, utan noko særleg stigma. I 2003 var heile 50% av norske ungar fødde utanfor ekteskap, dei fleste likevel i eit sambuarskap.

Systemet som favoriserer ektefødde barn er blitt endra i mange land, mellom anna Norge. Farskap er basert på biologiske fakta heller enn ekteskap, og fedre har rettar og plikter overfor barna sine enten dei er gifte med mora eller ikkje.

[endre] Døme

[endre] Kyrkja

Pave Klemens VII var ein uektefødd Medici, og blei likevel pave.
Forstørr
Pave Klemens VII var ein uektefødd Medici, og blei likevel pave.

Folk som er fødd utanfor ekteskap er blitt haldne utanfor visse stillingar, til dømes kunne dei lenge ikkje bli ordinerte som prestar i den katolske eller anglikanske kyrkja. Dei er fortsatt utestengde frå visse konservative religiøse brorskap, som Opus Dei. På den andre sida har ulike biskopar og prestar som eigentleg skulle levd i sølibat fått ungar, kalla dei nevøar eller liknande, og sytt godt for dei.

[endre] Korea

Det koreanske samfunnet er basert på mannlege familieoverhovud som blir førte opp i særskilde familieregister. Farlause ungar er ikkje del av noko slikt register, og kan få problem med å finna jobbar eller ektefeller.

[endre] Storbritannia

«Prinsane i tårnet», sønene til Edvard IV av England og Elizabeth Woodville, blei med eitt kjende som uektefødde gjennom parlamentsvedtaket Titulus Regius.
Forstørr
«Prinsane i tårnet», sønene til Edvard IV av England og Elizabeth Woodville, blei med eitt kjende som uektefødde gjennom parlamentsvedtaket Titulus Regius.

I engelsk Common law hadde uektefødde fram til 1969 ingen rett til å arva foreldrene. Eigedom måtte testamenterast til dei som om dei var framande.

Tilbakeverkande kraft

Det var lenge slik at ein såkalla bastard kunne bli rekna som ektefødd dersom foreldrene seinare gifta seg. Dette gjaldt bare dersom dei kunna vore lovleg gifte då ungen blei fødd. Dersom faren var gift på anna hald hjalp altså ikkje seinare giftarmål. Dersom eit ekteskap seinare blei kjend ugyldig ville òg ungane automatisk bli uektefødde.

[endre] Noreg

Eit særtilfelle av norske ungar fødde utanfor ekteskapet var såkalla tyskarungar, barn fødde av norske kvinner og tyske soldatar. I desse tilfella hadde mora brote ikkje bare den vanlege norma om ikkje å ha samleie utanfor ekteskapet, men òg den om ikkje å ha kontakt med fienden. Ungane som blei igjen etter soldatane blei straffa for denne doble synden. I tida etter den andre verdskrigen opplevde dei å bli sette ned på, mobba og gjerne mishandla.

[endre] Kjende folk fødd utanfor ekteskap

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com