Toralv Øksnevad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toralv Øksnevad (13. januar 1891–31. juli 1975), fødd i Høyland på Jæren, er mest kjend som «Stemmen fra London» under den andre verdskrigen. I tida frå januar 1941 til mai 1945 var han den fremste radiotalaren i British Broadcasting Corporation (BBC) si norske sending. Øksnevad er rekna som grunnleggjar av moderne nyhendeteneste i Norsk rikskringkasting (NRK).
Frå 1914 til 1916 var han leiar for Unge Venstre. I åra 1927–33 var han redaktør for Romsdalsposten. Perioden 1931 til 1933 var han varamann til Stortinget for byane i Møre og Romsdal. Han vart tilsett i NRK frå starten hausten 1933, og var leiar for nyhende- og aktualitetsavdelinga frå 1937 til 1961. I desember 1940 vart Øksnevad kalla til London for å ordna regjeringa sitt tilhøve til BBC. Han vart sett til å vera leiar for dei norske sendingane i BBC, frå 1944 med tittelen «midlertidig riksprogramsjef».
Frå september 1941 var det ulovleg å høyra på radio i Noreg om ein ikkje var medlem av Nasjonal Samling (NS). Forbodet var meint å skulle gjera slutt på at folk høyrde propaganda frå London. Trass i dette lurde mange vekk radioapparat, og «Stemmen fra London» sette mot i mange.
[endre] Litteratur
- Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940, Oslo 1999. ISBN 8202184789
- Dahl, Hans Fredrik (med fleire): Norsk krigsleksikon 1940–45, Oslo 1995. ISBN 8202141389 Nettversjon
Føregjengar: Hans Hope |
Leiar av Unge Venstre |
Etterfylgjar: Torkell Løvland |