British Broadcasting Corporation
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
British Broadcasting Corporation, mest kjend under forkortinga BBC (norsk: Det britiske kringkastingsselskapet), er ein britisk radio- og fjernsyn-kringkastar. Selskapet blei danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company.
2. november 1936 byrja BBC dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsyns-sendingar i Storbritannia.
BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.
BBC har omfattande eigenproduksjon av program. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC påtar seg rolla som allmennkringkastar i Storbitannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC.
BBC vert på same måte som NRK, finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; for eksempel World Service, som vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessuten har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, som har selt DVD-kopiar av deira store antal program.
I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntie («tante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).