The Sims
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Sims er eit dataspel gjeve av Maxis og som er utvikla av Will Wright. Spelet kom ut i februar 2000. I The Sims skal ein kontrollere virtuelle personar, kalla "simmar" (simulation people - simulerte folk) i en familie, der du bestemmer kva skal gjere og korleis dei skal ha det. Kvar sim har 8 forskjellige behov (det varierer litt på dei forskjellige aldersstega); svolt, hygiene, blære, sosial, energi, komfort, moro og miljø. Kor bra behova er oppfylt, verkar inn på humøret deira. Dei har også ynskjer og bekymringar som du kan prøve å oppfylle. Ynskja verkar også inn på humøret. Om ein simm er i godt humør kan det føre til at simmen vert forfremma på jobben og ein får betre råd til kjøpe nye ting til huset. Om ein Simm er i dårlig humør, kan det gå ut over arbeidet på jobben eller skulenkarakteren. I verste fall kan ein vaksen simm miste jobben.
The Sims 2 er oppfølgaren til The Sims. Simmane har 6 alderstrinn: spedbarn, småbarn, barn, tenåring, vaksen og gammal. Dei døyr også av alderdom. Det fins også eit gensystem som gjer at barna liknar foreldra sine. Til no finst det to utvidingspakkar til The Sims 2:
- The Sims 2 University (no: Livets Skole) (kom 10. mars 2005)
- The Sims 2 Nightlife (no: Uteliv) (kom hausten 2005)
- The Sims 2 Buisness (no: Forretningsliv) (kom våren 2006)
- The Sims 2 Pets (no: Dyreliv) (kom hausten 2005)
- The Sims 2 Seasons (kjem vår 2007)