Svein Jarvoll
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Jarvoll (fødd i Lurøy den 5. mai 1946) er ein norsk forfattar og poet, oppvaksen i Oslo. Han er autodidakt i gammalgresk, og har gjendikta antikke lyrikarar som Sapfo og Arkhilokhos. Dei siste åra har Jarvoll skrivi meir og meir skjønnlitterære essays. Andre karakteriserer desse som ein rytmikk av uavbrotne setningar, avsnittsfridom og grubleri rundt sjeldne ord. Jarvoll har vore formann i Det Litterære Råd, har undervist ved Forfattarstudiet i Bø, og vart tildelt Dobloug-prisen i 2001.