Sunniva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For namnet Sunniva, sjå Synnøve
Den heilage Sunniva levde på 900-talet og var vernehelgen for Bjørgvin bispedøme såvel som heile Vestlandet. I dag blir ho fortsatt rekna som vernehelgen for denne landsdelen, i tillegg til Bergen og nordisk ungdom. Minnedagen hennar er 8. juli.
Soga fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk konge som ville gifta seg med henne. Ho kom med skip til Seljeøya i Selje kommune, der ho og følget slo seg ned i ei hole. Folk som budde på staden meinte utlendingane stal sau av dei, og sende etter Håkon Jarl. Då Sunniva ba til Gud om at dei ikkje måtte falla i hendene på heidningane, fall tunge steinar ned og stengde igjen inngangen til hola. I ettertid skal mange under ha skjedd på øya, og då kong Olav Tryggvason fekk flytta steinblokkene i 996 fann dei kroppen til Sunniva, like heil som då ho levde. I 1103 blei det bygd eit benediktinarkloster på staden. Ruinane av dette kan ein fortsatt vitja på Selja.
I kunsten blir Sunniva gjerne framstilt som ei ung kvinne med liljer og steinar.