Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Star Wars - Wikipedia

Star Wars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For Star Wars som forsvarspolitisk omgrep, sjå Strategic Defense Initiative.

Star Wars er ein filmserie på seks filmar skapt av George Lucas, manusforfattar, filmregissør og filmprodusent.

Serien starta i 1977, då den fyrste filmen vart vist for fyrste gong under namnet Star Wars. Sidan den gong har filmane skapt eit heilt univers av biprodukt, frå diverse leiketøy til eit utal bøker, teikneseriar, tv-seriar og anna. I 2005 anslo Forbes Magazine totalfortenesta frå Star Wars-konseptet til 20 milliardar amerikanske dollar. Dermed er Star Wars den største suksessen i filmbransjen nokonsinne.

Innhaldsliste

[endre] Miljø

Filmane blir ikkje fastsette i tid, og det einaste hintet ein får til kva tid filmane finn stad er opningslinja, som kjem att i alle filmane: «A long time ago, in a galaxy far, far away...». Men korvidt dette skal tolkast som at filmane finn sted for lenge lenge sidan, eller om det snarare er ein allusjon til den klassiske opningslinja i eventyr, «Det var ein gong, i eit land langt, langt borte ...» er usikkert. Frå filmselskapet har ein ikkje fått noko ytterlegare informasjon.

Sjølve handlinga utspelar seg over meir enn 25 000 år, men sjølve filmane utspelar seg over berre to generasjonar.

Stadsmessig sett er filmen heller ikkje fastsett. Handlinga utspelar seg innanfor ein galakse, og storparten av galaksen er med. I heile Star Wars-universet er det berre éin rase, Yuuzhan Vongane, som kjem frå ein annan galakse (desse finst berre i bokserien New Jedi Order). Det som kan seiast om filmane er at dei tre fyrste viser eit møkkete og nedslitt miljø, noko som er atypisk for science fictionfilmar. De tre siste filmane er sette i ein rent, elegant og futuristisk miljø, meir i tråd med hovudparten av science fiction-filmar. I intervju har George Lucas fortalt at dei smurde nye rekvisittar med gjørme og møkk for å få dei til å sjå utslitne ut, ein utsjånad han skildra som «a used future» (ei brukt framtid). Det kan spekulerast at Lucas vart inspirert av Sergio Leone, som i 1960-åra gjorde mye det same i Westernsjangeren. Lucas si «used future» kan ha hatt stor påverknad på cyberpunksjangeren.

[endre] Filmane

(Dei nynorske namna er ikkje offisielt lanserte namn, men berre direkte omsetjingar av dei engelske titlane.

  • 1999Star Wars Episode I: The Phantom Menace (‘Det skjulte trugsmålet’) 1999
  • 2002Star Wars Episode II: Attack of the Clones (‘Klonane går til åttak’) 2002
  • 2005Star Wars Episode III: Revenge of the Sith (‘Sithane tar hemn’) 2005
  • 1977Star Wars Episode IV: A New Hope (‘Eit nytt håp’) (Dette var den fyrste filmen som vart laga. Han vart fyrst vist under namnet Star Wars.)
  • 1980Star Wars Episode V: The Empire Strikes Back (‘Imperiet slår attende’) 1980
  • 1983Star Wars Episode VI: Return of the Jedi (‘Jedi-riddaren vender attende’) 1983

[endre] Handlinga i filmane

For meir informasjon og detalj, venligst sjå sidene om kvar av filmane

I episode I, II og III følgjer vi Anakin Skywalker, ein ung gut, frå sin audmjuke barndom som slave på ørkenplaneten Tatooine, gjennom opplæringa i å bruke krafta og i jedidoktrine som ein ung og lovande jedielev, og til han går over til den mørke sida av krafta og vert omdanna til den fryktinngytande Darth Vader. Denne omdanninga vert igangsett av den vonde sithfyrsten Darth Sidious. Sidious overtalar handelsføderasjonen til å innvadere og okkupere den fredelege planeten Naboo. Dermed vert Sisious vald til ny erkekanslar for galakserepublikken, forkledd som Senator Palpatine, senator for Naboo. Frå den nye posisjonen sin startar Sidious Klonekrigane, ein konflikt mellom galakserepublikken og ein opprørsrørsle: Konføderasjonen av uavhengige system, som også vert kontrollerte av Sidious gjennom hans nestkommanderande, eks-jedien Darth Tyrannous. Etter at opprørarane vert slegne og jediordenen nesten totalt utrydda, erklærer Sidious seg til keisar over det nyskapte Galaktiske keisardømmet.

Episode IV, V og VI omhandlar sonen til Anakin, Luke Skywalker. Luke, som veks opp på Tatooine hos onkelen Owen og tanta Beru, forlèt Tatooine for å søkje eventyr og spenning, og ender opp i Opprøraralliansen som kjempar for å vinne over det vonde sithkeisardømmet. I likskap med faren trener Luke i jedievnene, under Meister Yoda, den siste overlevande jedien frå den gamle republikken. Luke lever i den tru at faren vart drept av Darth Vader, og når han oppdagar sanninga trekkjer han alt han trur på og kjempar for i tvil. Luke motstår Darth Vader og Keiser Palpatine sine forsøk på å omvende han til den mørke sida av krafta, og omvender Vader til den gode sida, samstundes som Opprøraralliansen knuser masseøydeleggingvåpenet Death Star, kor Palpatine døyr, og keisardømmet bryt saman.

[endre] På verdsveven

Commons har multimedia som gjeld: Star Wars
Engelsk Wikiquote har ei samling med sitat som gjeld Star Wars.
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com