Smålom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smålom |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Smålom |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Gavia stellata Pontoppidan, 1763 |
Smålom
Lomane er store symjefuglar med langstrakt kropp og langt, spist nebb. Dei ligg djupare i vatnet enn symjefuglar flest (omtrent som skarvar, toppskarv og storskarv). Både hannen og hoa er heilt like i utsjånad, og det er difor nesten heilt umogleg å sjå skilnaden på dei. Sommardrakta til Smålomen er lett å kjenne igjen på den einsfarga brune ryggen og den raudbrune strupeflekken. I vinterdrakta virkar fuglen lysare med fin kvitflekka rygg og lyst ansikt. Hjå ein symjande smålom peikar nebbet som oftast svakt oppover- det er eit godt kjenneteikn.
Biotop
Han held til ved småpyttar og små tjern, og gjerne på fjellet med fiskevatn der han plasserar reiret sitt trygt utpå ei torv. Smålomen går berre på land i hekketida. Han lever mellom anna av fisken han fangar i vatnet. Han kan vere ein stor forbrukar når det gjeld å fange fisk. Kan symje opp til 100-200 m under vatn.
Hekking
Smålomen legg 1-3 egg, av same farge som storlomen, men litt mindre. Han legg dei i mai-juni og vert ruga av begge foreldra i 4 veker. Smålomen reiser bort frå hekkeplassen i løpet av hausten og overvintrar for det meste langs vår eigen kyst. Han kjem attende i april-mai.
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |