Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane (engelsk: South Georgia and the South Sandwich Islands) er eit britisk oversjøisk område. Argentina meiner at øyane er retteleg er argentinske, og gjer krav på området. Øyane vert administrert frå Falklandsøyane. Frå 1982 har øyane feira 14. juni som frigjeringsdag. Ein grunnlov vart vedteken den 3. oktober 1985. Lovgjevinga tek utgangspunkt i britisk lov.
Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, er det få folk som bur på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti fastbuande.
Under andre verdskrig (frå hausten 1943 til hausten 1944), var ei lita norsk styrke utplassert på Sør-Georgia. Styrkane skulle slå attende moglege åtak av japanske styrkar. Kulda og einsemda på øyane var eit større trugsmål enn japanske angrep. Sør-Georgia ligg i Søratlanteren, kring 1390 km søraust for Falklandsøyane. Den samla flatevidda er på 4066 km². Landskap på øya er prega av fjell, med 11 toppar over 2000 meter.
Klimaet på øyane er veldig variert med mest vestavind heile året. Det er periodar med vindstille, og nesten all nedbør fell som snø. Reinsdyr, som vart satt ut av dei norske kvalfangarane tidleg på 1900-talet, trivst i klimaet.
Øygruppa får innkomer frå sal av frimerke.
Øygruppa har fått toppnivådomenet GS.
Dei 11 mindre øyane som dannar Sør-Sandwichøyane er, frå nord mot sør:
- Zavodovski
- Leskov (den minste)
- Visokoi
- Candlemas
- Vindication
- Saunders
- Montagu (den største)
- Bristol
- Bellingshausen
- Cook
- Thule