Rådyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rådyr |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Europeisk rådyr, Capreolus capreolus |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Capreolus capreolus, Capreolus pygargus (Linnæus, 1758) |
Rådyr er det minste av hjortedyra som lever i Noreg, i tillegg til å vere det nyaste. Rådyret kom til Noreg først omkring år 1900, men har sidan blitt meir og meir vanleg over store delar av landet. Det er framleis mest tallrikt på Austlandet. Eit rådyr veg gjerne ca. 18-30 kg, har spinkle bein og spisse klovar. Om sommaren er gjerne pelsen raudbrun, medan vinterpelsen er meir gråbrun. Råbukken har eit enkelt gevir med opptil tre taggar per horn.
[endre] Trivsel og mat
Rådyret trivst best i tett barskog og blandingsskog. Det et tradisjonelt gras, urter, lauv og bær, men seier ikkje nei takk til korn og hagevekstar heller. Om vinteren et det mest blåbærlyng, røsslyng og kvistar fra lauvtre. Lyngen kjem dei til gjennom å sparke vekk snøen med dei spisse klovane. Spesielt snørike vintrar kan vere eit problem for rådyra, fordi dei dett lett gjennom snødekket. Mange rådyr døyr også dersom kulda blir for hard og langvarig.
[endre] Jakt på rådyr
Ein jaktar på rådyr i store delar av Noreg. Den tradisjonelle rådyrjakta foregår mellom 25. september og 23. desember. Bukkejakta startar allereie 10. august, men då er det ikkje tillete å bruke hund. Under den ordinære jakta sverger imidlertid mange jegarar til bruk av hund. Dachs, drever og beagle er gjerne dei mest populære jakthundrasane, men også andre raser vert brukt.