Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Orusts kommun - Wikipedia

Orusts kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orust
Län Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Kommunesenter Henån
Folketal 15 188 (2005)
Folketettleik 39 innb./km²
Flatevidd 388 km²
Heimeside www.orust.se
Kommunenr 1421

Orust er ein kommune i Bohuslän i Västra Götalands län i Sverige.

Han femnar om den store øya Orust, der dei fleste kommuneinbyggjarane bur, og mange mindre øyar, holmar og skjer, med busetnad på nokre av dei, t.d. Flatön, Lyrön, Härmanö, Käringön, Malö og Gullholmen.

Innhaldsliste

[endre] Soge

Kulturhistorisk sett kan kommunen inndelast i kystbygd og innlandsbygd.

Kystbygdene, især den vestlege kyststripa med sine svaberg, digre skjergard og stadige pålandsvindar, har alltid vori prega av havet og næringane knytt dit. Skipsfrakt, skipsbygging og fiske var grunnlag for busetjing i det heile. Ei rekkje fiskevær voks fram frå slutten av mellomalderen og fram, og dei stod og fall i stor grad med kor silda kom og gjekk.

Innlandsbygdene har vori landbruksbygder. Mellom dei mange langstrakte fjellryggane ligg små flatbygder på dalbotnane, og den dyrkberre marka har blitt nøye brukt. På klassisk båhuslensk måte er husa plassert ved grensa mellom åker og fjell, så att inga jord blir sløst bort.

Skogen har vori hardt nytta, til tider nærmast utplyndra. Hogst til hus- og båtvyrke gjorde øya nesten skoglaus, og dyrebeite attpåtil hindra attvekst og auka jorderosionen.

Det er først under 1900-talet at øya har blitt grøn på ny, takka vere at dei gamle næringane har gått tilbake. Men av same grunn, og av mangel på nye arbeidsplassar minka også folketalet betydeleg, særleg på den vestre kyststripa. Det var på først på slutten av 1960-talet at utviklinga snudde så at folkemengda auka stort under tjue år, fremst på øyas austre delar, og no ligg ganske stabilt.

Det som då skjedde var at fleire og fleire fekk moglegheit å arbeidspendle. 1960 blei det brusamband sørover mot den unge og ekspansive industristaden Stenungsund og 1966 blei det også bru mot nord og byen Uddevalla. Dei siste tiåra har Orust også blitt bustad for langpendlarar til Göteborg.

Noko som har auka drastisk under det siste hundreåret er turismen. Havet, dei friske vindane og dei pittoreske fiskeværa har freista mange frå fjern og nær, og gjer det fortsatt. Dei gamle delane av væra har stort sett blitt gjort om til sommarkoloniar åt kapitalsterke byfolk, fremst frå Göteborg.

[endre] Notid

Busetnaden er ganske jamnt fordelt over heile kommunen. Berre 37% av befolkninga bur i tettstader, og det gjør kommunen til ein av landets minst urbaniserte. Om sommaren aukar folketalet drastisk - om lag halvparten av husa er fritidsbustader.

Dobbelt så stor lut av inbyggjarane som riksgjennomsnittet arbeider med landbruk og byggjeverksemd. Båtbygging er fortsatt ei viktig kjelde til sysselsetjing, men no om dagen er det fremst fritidsbåtar av plast det blir spurt etter, så denne eldgamle tradisjonen lever vidare men i moderne skapnad. 45% av dei arbeidande pendlar ut av kommune, dei fleste sørover til Göteborg og Stenungsund, men mange også til Uddevalla.

[endre] Tettstader og andre stader

  • Henån (1881 inb.)
Bade- og handelsstad frå slutten av 1800-tallet. Er i dag kommunens kommersielle og administrative sentralstad, med verft og annan småindustri.
  • Svanesund (1545 inb.)
Var i fleire hundreår Orust sin tingstad og ferjestad til fastlandet. I dag lokalt sørvissenter, med ferjesambandet enno i bruk.
  • Varekil/Svanvik (1079 inb.)
Handelsstad frå slutten av 1800-talet, sentral- og tingstad for Orust under første delen av 1900-talet. Er i dag eit bustadstrøk utan større betydning.
  • Ellös (1008 inb.)
Gammalt fiskevær. Hadde under 1900-talet konserveindustri, no ligg her Sveriges største fritidsbåtverft. Lokalt sørvissenter. Mykje turisme om sommaren.
  • Mollösund (276 inb.)
Eldgammalt fiskevær, til tider blant dei største i landet. Er kjend for tørking av lange til lutefisk. Er i dag elles fremst ein idyllisk sommarstad med mykje turisme.
  • Hälleviksstrand (258 inb.)
Gammal fiske- sjøfarts- og handelsstad, frå 1800-talet også badestad. I dag sommarstad.
  • Stocken (149 inb.)
Gammalt fiskevær. Viss skipsfrakt under første delen av 1900-talet. I dag ein utprega sommarstad.
  • Gullholmen (138 inb.)
Eit av dei aller fiskeværa langs vestkysten. Under 1800-talet tilkom fiskeindustri og skipsfrakt. I dag ein eksklusiv sommarstad.
  • Käringön (111 inb.)
Eldgammalt fiskevær og losstasjon. I dag ein eksklusiv sommarstad.
  • Nösund (80 inb.)
Var på 1800-talet handels- frakt- og sentralstad. Blei på 1900-talet populær badestad med dampskipstrafikk til Göteborg. I dag nokså stille.
  • Slussen (62 inb.)
Bade- og verftsstad frå 1800-talet.
  • Edshultshall (60 inb.)
Gammalt fiskevær, frå 1800-talet skipperstad. I dag sommarstad.
  • Kungsviken
Verftsstad med eldgamle båtbyggjartradisjonar.

[endre] På verdsveven


  Kommunar i Västra Götalands län i Sverige Västra Götalands läns våpen
Ale | Alingsås | Bengtsfors | Bollebygd | Borås | Dals-Ed | Essunga | Falköping | Färgelanda | Grästorp | Gullspång | Göteborg | Götene | Herrljunga | Hjo | Härryda | Karlsborg | Kungälv | Lerum | Lidköping | Lilla Edet | Lysekil | Mariestad | Mark | Mellerud | Munkedal | Mölndal | Orust | Partille | Skara | Skövde | Sotenäs | Stenungsund | Strömstad | Svenljunga | Tanum | Tibro | Tidaholm | Tjörn | Tranemo | Trollhättan | Töreboda | Uddevalla | Ulricehamn | Vara | Vårgårda | Vänersborg | Åmål | Öckerö
Globus Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over geografispirer.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com