Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fiskevær - Wikipedia

Fiskevær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

 Reine i Lofoten er eit levande fiskevær som har vore handelstad sidan 1743.
Forstørr
Reine i Lofoten er eit levande fiskevær som har vore handelstad sidan 1743.

Fiskevær er ei busetjingsform som finst lang norskekysten frå Vestlandet til Finnmark, og som er mest utbreidd i Nord-Noreg frå Lofoten og nordover til Aust-Finnmark. Busetjingsforma er i hovudsak basert på fangst av sjødyr og fiske, den eldste næringsvegen som kan påvisast i Norden. Difor vert det også hevda at fiskeværet er den eldste busetjingsforma i dette området. Fiskeværet som busetjingsform kan sporast heilt attende til eldre steinalder.

Fiskeværa er eit grunnleggjande trekk i norsk kysthistorie. Ordet «vær» kan tyde veide- eller fiskestad ved havet. Ein annan teori går ut på at fiskarane/fangstfolka vart knytt til kvarandre med høgtidlege lovnadar eller eidar, gamalnorsk «varar», for saman å verje fiskestaden mot åtak utanfrå.

Me har to typar fiskevær, det heilårsbusette fiskeværet med ein kombinasjon av jordbruk og fiske, og rorværet, med få fastbuande og eit folketal som varierar med sesongane. Dei fleske fiskeværa me kjenner i dag er ei blanding av desse to. Opp gjennom historia har fiskeværet endra form, med større endringar i yngre steinalder då husdyrhald og jordbruk vart ein del av økonomien, og i mellomalderen, då tørrfisken vart handelsvare. Sams for alle fiskevær er at dei ligg ved gode, naturlege hamner og nær fiskeplassane. Båten har heile tida vore den viktigaste reidskapen for kontakt med omverda, og bygningane i fiskeværet har vore lagt slik til at tilkomsten til sjøen har vore lettast råd.

[endre] Historie

 Fiskar i mellomalderen.
Forstørr
Fiskar i mellomalderen.

Framveksten av fiskeværa skuldast det rike fiskeriet, og den årvisse vandringa til torsk, sild og sei. Mange av dei sesongbaserte rorværa fekk fast busetjing når fiskeria blømde. Størrelsen på fiskeværa kunne nå bynivå. Vågan i Lofoten er den største kjende konsentrerte fiskeværbusetjinga i Nord-Noreg. Snorre omtalar Vågastevna som den viktigaste møteplassen for handel i nord. Fiskevær og rorvær kunne også vere privateigde av såkalla «væreigarar» som ofte budde i været.

Fiskeværa kom etter tusenårskiftet inn under innflytinga til kongen, med lover og skattlegging. Etter kvart kom også kyrkja inn i væra. Allereide på 1000-talet var tørrfisken ein viktig norsk eksportartikkel. På 1100-talet vart tørrfisken det viktigaste grunnlaget for Bergens kjøpmannstand. Bygging av rorbuer for tilreisande fiskarar starta på denne tida. Fiskeværa vaks i takt med utviklinga av Bergen by.

Fiskeeksporten auka dei neste par hundre åra, og fiskeværa blømde. Dei vart tettstadar med fastbuande og mange tilreisande sesongfiskarar. Hanseatane i Bergen og erkebispen i Trondheim var oppkjøparar av fisken. Etterkvart tok byborgarane i dei same byane over handelen. Ein stending jektefart mellom storbyane og fiskeværa førde til at utviklinga av kultur og økonomi i væra fylgde dei store byane.

Fiskeværa var sjølvberga samfunn som tok hand om dei fleste ledda i produksjonen av varer og tenester. I tillegg til bryggjer og rorbuer kunne eit typisk fiskevær ha naust, skjåer, egnebuer, fjos, våningshus, fiskehjellar, nothjellar, ishus, røykeri, trandamperi, bakeri og smier. Etter kvart vart det også bygd kaiar.

Etter nedgangstidene på 1600-talet blømde fisket opp att på 17- og 1800-talet. Mange av fiskeværa vart lokale handelssenter gjennom gjestgjevarløyve. Gjestgjevarane dreiv både lokal handel og handel mellom fiskarar og bergenskjøpmenn. I siste halvdel av 1700-talet ga kongen einskilde væreigarar langs kysten av Nore-Noreg (frå Brønnøysund til Vardø) løyve til å drive handel. Dei vart såkalla «priviligerte handelsmenn». Det illgjetne «nessekonge-systemet» oppsto, og fleire av fiskeværa vart styrte av slike nessekongar. På kysten av Nordmøre og Romsdal fekk fiskeværa ein stor oppsving frå tidleg på 1700-talet grunna klippfiskproduksjon og -eksport. Her hadde ein ein særmerka fiskeværorganisasjon som vart kalla «værtvang». Ein fiskar som skulle drive utror frå eit vær var bunden til å selje fisken til væreigaren. Væreigaren fastsette prisen i ettertid.

Frå midten av 1700-talet vart Nord-Noreg vitja av russiske skuter som dreiv oppkjøp og bytehandel med fisk, den såkalla pomorhandelen byrja. Russarane hadde tidlegare drive handel med fiskarane i Nord-Noreg frå mellomalderen og fram til byrjinga av 1600-talet. No kom kjøpmenn frå Kola-halvøya og bytte til seg fisk for korn og andre forbruksvarer, både direkte frå fiskarane og frå nessekongane. Pomorhandelen var på topp på 1800-talet, då kunne det kome meir enn 300-400 russiske skuter til Nord-Noreg årleg. Pomorhandelen varte heilt til den russiske revolusjonen i 1917.

[endre] Moderne fiskevær

Fiskeværa oppsto i eit samfunn basert på opne båtar som vart rodde eller sigla. Båten var ikkje større enn at dei kunne trekkast på land. Omkring år 1900 fekk fiskebåtane motor og dei vart større, og dei kunne ikkje lenger trekkjast opp på land som før. Nye og større fangstreidskapar vart tekne i bruk. Alt dette krevde betre hamner, og dei fiskeværa som skulle overleve vart bygde ut med moloar og kaiar. I dag er dei gjenlevande fiskeværa heimehamn for ein moderne fiskeflåte. Mange av dei gamle, rike fiskeværa er fråflytte og livnar berre til om sommaren når fritidsbustadeigarane og turistane kjem.

[endre] Kjelde

  • «Fiskevær» på bokmålswikipedia, henta 27.06.2006, som oppgjev desse kjeldene for artikkelen:
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com