Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Norsk Hydro - Wikipedia

Norsk Hydro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Hydro er eit norsk energiselskap, ofte omtala berre som Hydro. Hydro har 36 000 tilsette, fordelt på verksemd i 40 land (2003). Selskapet er organisert i tre divisjonar: Olje & Energi, Aluminium og andre verksemder. Selskapet er eit Fortune 500-selskap og inngår òg i Dow Jones-indeksen for bærekraftige selskap i tillegg til FTSE4Good-indeksen.

Om lag to tredelar av eigarinteressene i Norsk Hydro er på norske hender. Av dette utgjer den norske staten sin eigardel 43,8 prosent.

Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Eivind Reiten leier selskapet som generaldirektør. I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla, Karmøy, Høyanger, Årdal, Sunndalsøra, Holmestrand, Magnor og Raufoss.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Selskapet vart grunnlagd den 2. desember 1905 av Sam Eyde og Kristian Birkeland med det fulle namnet Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab. Den svenske Wallenberg-familien hjelpte til med å finansiere det nye selskapet. Selskapet var basert på eit patent av Birkeland. Ein lysboge vart nytta til å laga nitrogenbasert kunstgjødsel. Til dette trengde ein elektrisk energi, som vart skaffa ved å byggja ut Svelgfossen ved Notodden.

I 1951 byrja selskapet å produsera magnesium. Det vart vedteke å byggja eit smelteverk for aluminium på Karmøy i 1963. Etter den fyrste konsesjonstildelinga for norsk kontinentalsokkel i 1964 har Hydro bygd opp ei stor petroleumsverksemd. Verksemda førde til ei satsing på petrokjemi. Satsinga på aluminium vart forsterka i 1986 då lettmetalldivisjonen vart fusjonert med Årdal og Sunndal Verk. I 2002 vart tyske Vereinigte Aluminium Werke kjøpt opp. I 2004 vart landbruksseksjonen skilt ut som eit eige selskap og børsnotert under namnet Yara International ASA. Hydro dreiv òg ei tid med fiskeoppdrett. Oppdrettsverksemda vart seld til nederlandske Nutreco i 2000.

[endre] Divisjonar

[endre] Olje og energi

Hydro Olje & Energi er operatør for 15 olje- og gassinstallasjonar. I 2003 var selskapet sin gjennomsnittlege eigenproduksjon på 530 000 fat olje pr. dag. Det er norsk kontinentalsokkel som er selskapets hovudbase, men Hydro driv i tillegg med petroleumsverksemd i Angola, Canada, Russland og Libya. For tida er selskapet ansvarleg for utbygginga av naturgassfeltet «Ormen Lange-feltet» utafor Midt-Noreg.

Selskapet har òg verksemd knytt til vasskraft og vindkraft. I tillegg vert det drive med handel knytt til energi over heile Europa.

[endre] Hydro Aluminium

Hydro Aluminium er mellom dei tre største aluminiumsselskapa i verda og har 27 000 tilsette, i hovudsak i Noreg og Tyskland. Selskapet driv med både aluminiumproduksjon og vidareforedling av aluminium. Arbeidet inkluderer både valsing, ekstrudering og støypte komponentar.

[endre] Anna verksemd

Avdelinga for «Andre virksomheter» er definert å liggja utanfor Hydro sine to kjerneområde. Her ligg aktivitetar som Hydro Polymers (petrokjemi), fiskeforprodusenten Biomar, Hydro Business Partner og skadeforsikringsselskapet Industriforsikring.

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com