Ask og Embla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ask og Embla var i norrøn mytologi rekna for å vera dei to fyrste menneska.
Odin fann saman med Høne og Lodve (eller Ve og Vilje i fylgje Snorre) to trestammar på ei strand: Eit asketre og ei alm. Odin blés liv trestokkane, slik at dei kunne pusta og leva. Asketreet vart den fyrste mannen Ask og almetreet vart den fyrste kvinna Embla. Høne gav dei forstand og evne til å røra seg. Lodve gav dei kjensler og sinn. Frå desse to skal alle menneska som bur i Midgard stamma.
Skapingsforteljinga inneheld mange parallellar til kristendomen med Adam og Eva. Spesielt er det at Ask frå starten er same tresort som verdstreet Yggdrasil, kanskje som eit teikn på at menneska er ein del av ein større heilskap?