Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nazcalinjene - Wikipedia

Nazcalinjene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Satellittbilete over del av pampasen med nokre av linjene.
Forstørr
Satellittbilete over del av pampasen med nokre av linjene.

Nazcalinjene er «geoglyfar», store figurar laga som riss i ørkenoverflata på pampasen ved byen Nazca i Peru. Dei strekk seg ut frå Nazca mot byen Palpa over ein distanse på nær 60 km. Området er ekstremt tørt og sjeldan utsett for vind, delar av området med flest figurar er flatt. Figurane (geoglyfane) er avteikningar av plantar, dyr, fuglar og eit stort knippe geometriske former, ofte sett saman av lange rette linjer som i trapesfigurane. Dei naturalistiske teikningane inkluderer ein kolibri, ein apekatt, ei vevkjerring og ein blekksprut, for å nemne nokre av dei meir enn 300 teikningane. Dateringa av figurane ligg mellom år 200 og 600.

Innhaldsliste

[endre] Korleis linjene kan ha vorte til

Jordsmonnet i ørkenen er av leire og kalkhaldig sand, dekt av malmhaldig grus som har fått eit jarnoksiddekkje på overflata. Den malmhaldig grusen er få centimeter tjukk. Når ein tar bort det øvste laget, til dømes i ei smal linje, vil farga i den lyse ørkenjorda under danne kontrast til urørt mørkare oksidert ørkengrus. Nazcalinjene er synlege ovanfrå og står fram som lyse fordi det øvste laget av ørkengrus er fjerna. I praksis kan det ha skjedd ved at menneske har tråkka ned det øvste laget eller dei kan ha skrapa furer i overflata.

[endre] Oppdaginga

Luftfoto av ein teikning av ein kolibri, bilete av Bjarte Sorensen.
Forstørr
Luftfoto av ein teikning av ein kolibri, bilete av Bjarte Sorensen.

Figurane vart først oppdaga då det kom i gang flyruter over den peruanske ørkenen i 1920-åra. Passasjerar hevda då at dei observerte primitive «landingsstriper» på bakken.

Toribio Mejia Xesspe, ein peruansk arkeolog var den første vitskapsmann som frå 1927 synte interesse for det som han kalla «stor inkaseremoniell kunst».

[endre] Hensikt eller forklaringar

Eit mulig formål med teikningane kan vere det som lokale bufaste skal ha hevda, at det indianske urfolket utførte religiøse ritual på desse gigantiske teikningane, for å sikre at vatn ville fortsette å renne ned frå Andes. Det har òg vore spekulasjonar knyt til astronomiske formål med linjene, men det finst ingen underbygd teori kring det.

[endre] Annan informasjon

Rett sør om nazcalinjene er det oppdaga eit tidlegare seremonielt senter, Cahuachi, som kan ha vore brukt av folket som laga figurane.

Området med linjer og teikningar blei sett på UNESCO si verdsarvliste i 1994.

[endre] Kjelder

[endre] Litteratur

  • Aveni, Anthony F. (ed.). The Lines of Nazca. American Philosophical Society, Philadelphia (1990). ISBN 0871691833
  • Bauer, Susan Wise. The Story of the World, Vol. 1 Peace Hill Press (2001). ISBN 0971412901
  • Lambers, Karsten. The Geoglyphs of Palpa, Peru: Documentation, Analysis, and Interpretation. Lindensoft Verlag, Aichwald/Germany (2006). ISBN 3929290324

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com