Minesveipar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg dataspelet minesweeper, som er kalla «minesveiper» på norsk
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask som reinsker ut påverking frå andre språk eller innfører same språkstilen overalt. | |
Oversyn over artiklar som treng språkvask. |
Ein minesveipar er eit skip som uskadeliggjer miner i sjøen. (Dei same skipa blir somme tider brukte til å leggja ut miner.)
Ein minesveipar treng ikkje vite nøyaktig posisjon for minene. Fartøyet drar eit sveip etter båten som aktiviserer miner i nærleiken og dermed uskedeleggjer dei. Sveipet kan anten vere mekanisk eller influensbasert. Moderne influensveip kan til dømes nytte etterligne lyd og magnetfelt frå fartøy for å lure minene til å gå av.
Saman med minejaktfartøy vert minesveiparfartøy under ein fellesnemnar kalla mineryddingsfartøy. Minejaktfartøy nyttar sonar for å finna minene før vert uskadeliggjort individuelt.
For å unngå å utløysa minene er mineryddingsfartøy mykje meir stillegåande enn vanlege skip. Dei har òg skrog av tre, plast eller lågmagnetisk stål.