Milano
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milano (it. Milano [miˈlano], lokal lombardisk dialekt (milanesisk): Milan [miˈlɑ̃ː]) er ein by i Nord-Italia i regionen Lombardia. Byen har 1,3 millionar innbyggjarar, byområdet rundt 4,5 millionar.
[endre] Historie
Ein går ut frå at Milano vart grunnlagt av keltarane i Nord-Italia omkring år 600 fvt., og rundt 222 fvt. underlagt romarane, som gav byen namnet Mediolanum. I det fjerde hundreåret etter vår tidsrekning var byen hovudstad i Vest-Romarriket ei kort tid.
Etter den austgotiske og lombardiske perioden fekk byen på nytt betydning i det 11. hundreåret og leidde uavhengigheitskampen til dei nord-italienske byane mot det tysk-romerske riket. Milano var ein av få byar i Europa som ikkje vart ramma av Svartedauen. I renessansen vart Milano styrt av dei rike familiane Visconti og Sforza, som hadde kunstnarar som Leonardo da Vinci og Donato Bramante i teneste for seg. Etter å ha forsøkt å leggje under seg resten av Nord-Italia i det 15. hundreåret, vart Milano erobra av Frankrike, og deretter av Spania, i tidleg i det 16. hundreåret. På 1700-talet kom Milano under Austerrike.
Napoleon erobra byen i 1796, og gjorde Milano til hovudstad for Den cisalpinske republikken. Etter Napoleon sitt nederlag, gav Wienerkongressen i 1815 Milano og heile Lombardia igjen til Austerrike. Den austerrikske feltmarskalken Radetzky slo kraftig ned femdagarsopprøret i 1848.
Etter Austerrike sitt nederlag mot Sardinia-Piemonte og Frankrike sine styrkar ved Slaget ved Solferino, hamna Lombardia og Milano huset Sardinia-Piemonte under Viktor Emmanuel II i 1859.
Etter første verdskrigen vart Fasci di combattimento (Squadristi) («fascistane») grunnlagt i Milano i 1919. I 1922 la Benito Mussolini ut fra Milano på marsjen sin mot Roma.
Under andre verdskrigen vart Milano sterkt øydelagt av alliert bombing. Byen er derfor i dag svært moderne og framstår som lite italiensk i utsjånaden.
[endre] Anna
Milano er heimbyen til to store fotballag, AC Milan og Inter Milan.
Byen er hovudkvarter for fleire større motebedrifter.