Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Massakren ved My Lai - Wikipedia

Massakren ved My Lai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Massakren ved My Lai var ein massakre utført av amerikanske soldatar på fleire hundre uvæpna vietnamesiske sivile, dei fleste kvinner og barn, den 16. mars 1968, under den amerikanske krigen i Vietnam. Massakren blei eit symbol på amerikanske krigsbrotsverk i Vietnam, den førte til sterke reaksjonar over heilt verda og reduserte den folkelege støtta for krigen i USA.

Under Vietnamkrigen var Quang Ngai-provinsen im Sør-Vietnam mistenkt for å vere ein tilfluktsstad for geriljasoldatar frå FNL, Front National de Liberation på fransk, også kjend blant amerikanarane som «Viet Cong» (eigentleg Viet Nam Cong San - "vietnamesiske kommunistar"). Provinsen blei ofte bomba, og i 1969 var nesten alle heimar i provinsen øydelagde eller skadde.

Det amerikanske militæret målte suksess i krigen mot FNL ut frå ein «body count», talet på antatte Viet Cong-medlemmer dei drap. Det var eit press på soldatane om å ha høge tal i «body count». Derfor var det ofte stor skilnad på den erklærte «body count» og talet på våpen som var funne. Amerikanske soldatar skal ha hatt som standard spøk at «anything that's dead and isn't white is a VC (Viet Cong)» når det skulle teljast for «body count». Det er ikkje tvil om at mange sivile hadde blitt drepne i provinsen, noko som gav grorbotn for anti-amerikanske kjensler. Opprørarar fekk somtid husly blant dei sivile i området, og dette frusterte amerikanske soldatar. Frå før var dei frusterte fordi dei ikkje fekk tak på fienden, dei frykta bakhald og begynte å få ei kjensle av at krigen var tapt. Det låg an til hemn og vald mot dei sivile i området.

Charlie-kompaniet i den 11. brigaden kom til landet i 1967. Under Tet-offensiven i 1968 blei åtaka på invasjonsstyrkane utførte av den 48. bataljonen av FNL sine væpna styrkar. Etterpå meinte amerikansk etterretning at denne bataljonen skjulte seg i landsbyen Son My. Dei grendene i landsbyen som blei kalla My Lai blei spesielt mistenkte for å hyse denne FNL-bataljonen. Ein offensiv mot desse grendene blei planlagd. Rett før åtaket hadde Charlie-kompaniet mista ein populær sersjant i ei felle. Dei var sinte og frustrerte over at dei ikkje kunne ta hemn på ein fiende dei ikkje fann.

Dagen åtaket på My Lai skjedde, fekk Charlie-kompaniet beskjed av overordna offiserar at «ekte sivile» hadde fare frå landsbyen for å vere med på ein marknad. Dei fekk vite at alle som var att kunne reknast som Viet Cong-medlemmer eller sympatisørar. Dei fekk ordre om å øydelegge landsbyen. På briefinga blei kaptein Ernest Medina spurd om ordren omfatta dreping av kvinner og barn. Dei som var til stades hugsa forskjellig når det gjeld Medina sitt svar på det.

Soldatane fann ingen opprørssoldatar i landsbyen om morgonen den 16. mars 1968. Ein tropp leidd av løytnant William Calley drap da hundrevis av sivile, først og fremst gamle, kvinner, barn og babyar. Somme blei torturerte og valdtatt. Fleire dusin blei samla i ei grøft og skotne ned med automatgevær. Calley sjølv deltok aktivt i dette. Det nøyaktige talet på drepne varierer frå kjelde til kjelde, med 347 og 504 som dei vanlegaste tala som blir oppgitt, med offer frå 82 til 1 år gamle.

Enda fleir kunne blitt drepne viss ikkje mannskapet på eit amerikansk speidarhelikopter hadde stansa massakren ved det at dei med vilje landa mellom dei gjenverande vietnamesarane og dei amerikanske soldatane. Piloten, 24 år gamle Hugh Thompson Jr., trua offiserane som leidde desse soldatane med at han og medhjelparane hans i helikopteret ville opne eld mot dei om dei ikkje stansa åtaket på sivilistane. Mannskapet på helikopteret redda minst 11 menneskeliv, men blei i lang tid etterpå hetsa som svikarar for det dei hadde gjort.

Hendinga blei etterpå forsøkt tilslørt. Hæren kom med ein rapport der det heitte at om lag 20 sivile tilfeldigvis hadde blitt drepne i operasjonen mot My Lai, som elles var ein siger med 128 fiendesoldatar drepne.

Seks månader seinare skreiv ein ung soldat som heitte Tom Glen eit brev der han skulda fleire avdelingar av den amerikanske hæren for rutinemessig brutalitet mot vietnamesiske sivile. Colin Powell, som da var ein ung major, skreiv: «Ei direkte tilbakevising av denne framstillinga er det faktum at forholdet mellom amerikanske soldatar og det vietnamesiske folket er utmerka.» Dette blei sidan kalla ei kvitvasking, men utanriksminister Powell meinte så seint som 4. mai 2004 i samtale med Larry King at «slike beklagelege ting hender når det er krig».

Blodbadet ved My Lai hadde truleg blitt verande skjult for historia om det ikkje var for ein annan soldat, Ron Ridenhour, som uavhengig av Glen sende eit brev til leiande politikarar i 1969. Alle unntatt kongressrepresentant Morris Udall oversåg brevet frå soldaten. Han sørgde for at løytnant Calley blei tiltalt for mord, og andre offiserar og soldatar for liknande brotsverk. Enno gjekk det to månader før offentlegheita fekk vite noko om det.

Det var journalist Seymour Hersh som slo til med My Lai-historia den 12. november 1969. Avisa The Plain Dealer i Cleveland trykte fotografi av drepne bygdafolk, og utanriksminister Henry Kissinger måtte innrømme overfor forsvarsminister Melvin Laird at ein tildekkingsoperasjon var blitt umuleg.

Den 17. mars 1970 tiltalte hæren 14 offiserar for å ha skjult informasjon om hendinga. Dei fleste tiltalane blei droppa. I 1971 blei løytnant Calley dømd for overlagt drap og fekk livsvarig fengsel for det. Men to dagar seinare gav president Nixon ordre om at han skulle settast fri frå fengselet, og Calley sat berre vel 3 år i husarrest i sin eigen heim før han blei frisett av ein føderal dommar. Kaptein Medina, som Calley hevda gav ordren, blei frikjend. Av dei 26 som opphavleg blei tiltalte, blei berre Calley dømd.

Den amerikanske fredsrørsla blei styrkt av nyheitene om massakren ved My Lai, og dei kravde tilbaketrekking av dei amerikanske styrkane frå Vietnam. Hendinga førte også til at fleire amerikanske ungdommar kravde status som overtydde militærnektarar. Viktigare var likevel endringa i synet på krigen blant vanlege folk, og at avsløringa av hendinga ved My Lai førte til at andre avsløringar kom fram og blei trudd.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com