Marit Bjørgen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Bjørgen (fødd 21. mars 1980) er ein norsk langrennsløper som vart verdsmeister i 2003 og 2005 og tok sølvmedalje på 10 km klassisk i OL i Torino. Ho er fødd i Trondheim og vaks opp på Rognes i Midtre Gauldal kommune.
Marit Bjørgen kom på andre plass i verdscupen sammenlagt i sesongen 2003/04 og vann verdscupen samanlagt i sesongen 2004/05, sprintverdscupen og distanseverdscupen. Sprintverdscupen har ho og vunne 2 gongar tidlegare.
Allereie 6. mars 2005, med 4 renn att av sesongen, vart Marit Bjørgen kåra til vinnar av verdscupen i langrenn. Dette vart klart etter verdscupstemnet i Lahti der ho ikkje deltok grunna sjukdom. Kristina Smigun på andre plass var så langt bak at ho ikkje hadde moglegheit til å inn att det tapte før sesongslutt. Den store leiinga i verdscupen gjorde at Marit Bjørgen var storfavoritt på fleire distansar før ski-VM i Oberstdorf i 2005 og innfridde favorittstempelet ved å blant anna ta gull på 30 km klassisk, ein distanse som ikkje har vore rekna blant hennar sterkaste.
Vinteren 2006 var ho i storform, men influensa øydela oppkjøringa mot OL i Torino. OL vart ei stor skuffing for Bjørgen, og ho måtte dra heim med berre éin medalje (sølv på 10 km klassisk). Til NRK uttalde ho at ho gledde seg til å dra heim frå «hølet» Pragelato. Enkelte meinte at ho ville få problem med å koma seg att, mellom anna på grunn av ein kraftig knekk i sjølvtilliten. Imidlertid vann ho allereie det første verdscuprennet etter OL, kvinnenes Vasalopp på 45 km klassisk, og dét over eit og eit halvt minutt før den næraste konkurrenten, Hilde Gjermundshaug Pedersen.
Innhaldsliste |
[endre] Medaljar i internasjonale meisterskap
Totalt har Marit Bjørgen 7 medaljar, 4 gull, 2 sølv og 1 bronse, frå store internasjonale meisterskap.
[endre] OL i Torino 2006
- Sølv på 10 km klassisk
[endre] Ski-VM i Val di Fiemme 2003
- Gull på langrennssprinten
[endre] Ski-VM i Oberstdorf 2005
- Bronse på 10 km fristil
- Sølv på 7,5 km dobbel jaktstart
- Gull på stafetten for kvinner (saman med Hilde Gjermundshaug Pedersen, Vibeke Skofterud og Kristin Størmer Steira)
- Gull på sprintstafett (saman med Hilde Gjermundshaug Pedersen)
- Gull på 30 km klassisk stil
[endre] Resultat i verdscupen
[endre] Plasseringar samanlagt
[endre] Plasseringar i sprintverdscupen
[endre] Plasseringar i distanseverdscupen
[endre] Sigrar i verdscupen
Totalt har Marit Bjørgen 20 sigrar i verdscupen (per 12. mars 2005), derav 15 i sprint.
- 19. mars 2005 - Falun - Dobbel jaktstart
- 16. mars 2005 - Göteborg - Sprint
- 12. mars 2005 - Holmenkollen, Oslo - 30 km klassisk stil
- 16. januar 2005 - Nove Mesto - Sprint
- 8. januar 2005 - Otepää - 10 km klassisk stil
- 14. desember 2004 - Asiago - Sprint
- 11. desember 2004 - Val di Fiemme - Dobbel jaktstart
- 4. desember 2004 - Bern - Sprint
- 20. november 2004 - Gällivare - 10 km klassisk stil
- 23. oktober 2004 - Düsseldorf - Sprint
- 12. mars 2004 - Pragelato - Sprint
- 5. mars 2004 - Lahti - Sprint
- 26. februar 2004 - Drammen - Sprint
- 24. februar 2004 - Trondheim - Sprint
- 18. februar 2004 - Stockholm - Sprint
- 18. januar 2004 - Nove Mesto - Sprint
- 16. desember 2003 - Val di Fiemme - Sprint
- 12. februar 2003 - Reit im Winkl - Sprint
- 11. desember 2002 - Clusone - Sprint
- 26. oktober 2002 - Düsseldorf - Sprint