Måløy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Måløy er administrasjonssenteret i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke, og har sidan 1997 hatt bystatus.
Måløy er sjølv ikkje ei øy. Tettstaden vart grunnlagt på ei lita øy som ligg i Ulvesundet mellom det som i dag er Måløy og fastlandet. Denne øya vart kalla Moldøen, men er i dag kjend som Lisje-Måløyna. Etter kvart som ny busetnad kom til, vart denne etablert i det som i dag er Måløy. Med tida hadde det meste av tettstaden flytta seg. Namnet vart òg flytta, men seinare endra. Den gamle busetnaden på Moldøen vart for det meste riven av den tyske okkupasjonsmakta for å gje plass til eit stort forsvarsverk, og dei siste restane brann ned under Måløy-raidet.
Byen er ein stoppestad for Hurtigruta.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |