Leninisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uttrykket leninisme blei mens Vladimir Lenin levde mest bruka som skjellsord, men frå han døydde i 1924 blei det bruka positivt om den varianten av marxisme han hadde stått for, av folk som meinte seg å vere elevane hans. Dette gjaldt i Sovjetunionen både Josef Stalin og Lev Trotskij. Sidan Stalin vann maktkampen i Det sovjetiske kommunistpartiet, blei den stalinistiske tolkinga av Lenin, "marxismen-leninismen", regimet sin offisielle ideologi. Dermed blei han også den Tredje Internasjonalen sin. Trotskistane meinte på si side at det var dei som var dei rette arvtakarane etter Lenin, og kalla seg bolsjevik-leninistar i opposisjon til "den stalinistiske degenereringa".
Lenin kalla seg sjølv marxist. I høve til Marx var vel dei største forskjellane desse:
Lenin meinte i motsetning til Marx at arbeidarklassen måtte leiast av ein revolusjonær-intellektuell elite, og eit sentralistisk eliteparti. Og Lenin meinte etter kvart, også det i motsetning til Marx, at ein sosial revolusjon kunne gjennomførast i eit tilbakeliggjande land som Russland, rett nok berre om meir utvikla land følgde etter innan relativt kort tid, men dette var noko han rekna som sjølvsagt.
Det var da denne føresetnaden ikkje slo til at sovjetregimet stod overfor eit grunnleggjande vegval personifisert i Stalin og Trotskij.