Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kyndelsmesse - Wikipedia

Kyndelsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Herren vert boren fram i tempelet (Hertugen av Berry si tidebønebok frå 1412 til 1416).
Forstørr
Herren vert boren fram i tempelet (Hertugen av Berry si tidebønebok frå 1412 til 1416).

Kyndelsmesse eller Kyndelsmess (latin Praesentatio Domini; formelt Festen for Herren si frambering i tempelet, latin Missa Candelarum, også kalla Purificatio Mariæ) er ein katolsk minnedag som vert feira 2. februar. Feiringa er til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen.

[endre] Tidfesting

Frambering i tempelet var ein jødisk tradisjon som fann stad førti dagar etter fødselen for gutar og åtti dagar for jenter; dette tilsvarar den reinsingsperioden mora måtte gjennom etter fødselen (3. Mos 12, 2–4). I følgje Lukasevangeliet bar Maria og Josef Jesus fram i tempelet førti dagar etter fødselen, og sidan ein først feira fødselsfesten den 6. januar vart Hypapante feira den 14. februar. Seinare vart fødselsfesten flytta til den 25. desember, derfor daterer ein framberinga til den 2. februar.

[endre] Historie

Festen vart først feira til minne om møtet mellom Jesusbarnet og Simeon (Luk 2, 25–40), og var kjend som St. Simeons dag, eller Hypapante (gresk for «møte»). Den oldkyrkjelege pilegrimen Egeria skreiv at dagen vart feira i Jerusalem alt frå omlag år 386 med ein prosesjon som gjekk frå Gravkyrkja til Oppstandelsesbasilikaen. Festen var ikkje kjent for henne frå før, så han hadde truleg ikkje spreidd seg så langt på dette tidspunktet.

I 542 innførte keisar Justinian festen i Konstantinopel. Då var han alt komen til Roma, der pave Gelasius hadde innstifta han kring 492, men han fekk ikkje skikkeleg fotfeste i vest før under pave Sergius I mot slutten av det 7. hundreåret.

Kyndelmesse er ein ljosfest
Forstørr
Kyndelmesse er ein ljosfest

Ein heidensk romersk fest, lupercalia, hadde lenge vorten feira den 2. februar med ein prosesjon (amburale) til ære for gudinna Ceres. Ein bar ljos med seg, truleg fordi festen var til minne om Ceres som leita etter dotter si, Proserpina. Samanfallet av datoane førte til at skikken vart adoptert av kristne. Det vart etter kvart vanleg at ein velsigna ljos som skulle brukast i kyrkjene under festen. I Tyskland er det dokumentert at dette vart gjort i det 10. hundreåret, og i Roma eit par hundreår seinare. Dette var opphavet til det vanlegaste namnet på festen, kyndelsmesse – ordet kyndel (norrønt kyndill) betyr «voksljos» og kjem frå det latinske ordet candela, som ein også kjenner i det engelske candle.

I det 10. hundreåret byrja ein i Frankrike å kalla dagen for Maria si reinsing, Festum purificationis Beatae Virginis Mariae, og han vart ein Mariafest. I Missale Romanum frå 1570 er han omtala slik.

Dei ljosa som vart velsigna, vart ikkje berre brukte i sjølve kyrkja, dei kunne også takast med til heimane. I Noreg vart det i seinmellomalderen vanleg å leggja små velsigna ljosvoksstykke frå denne kyrkjefesten inne i søljene som pynta kvinnedraktene, jamfør rommet inne i bunadssøljene.

Etter andre Vatikankonsil vart festen på nytt ein Kristusfest, på same måte som Maria bodskapsdag som også i lang tid hadde vore feira som Mariafest. I 1969 vart det formelle namnet Praesentatio Domini, «Herrens framstilling». Ut frå katolsk teologi er dette meir korrekt, ettersom Den katolske kyrkja ser på Maria som «usmitta», og at ho derfor ikkje treng rensing.

I Noreg var Kyndelsmesse, eller Kyndelsmess som han gjerne vart kalla, ein viktig festdag. Ein åt gjerne julemat, og hadde storslagne feiringar i kyrkjene. Dagen er avmerka på primstaven. I folketradisjonen var det vanleg å sjå på åtferda til borna denne dagen, og lesa varsel av denne. I Den norske kyrkja heldt ein på denne festen til 1771, då vart han fjerna gjennom Festdagsreduksjonen (heilagdagsreforma).

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com