Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Khakasia - Wikipedia

Khakasia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Respublika Khakasia
Khakasia Respublikazy  
   
   
Khakassia på kartet over Russland
Hovudstad Abakan
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 49.

61 900 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 71.

ca. 540 900 (2005)
ca. 8,7/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Vest-Sibir
Regionsnummer 19
Offisielt språk Russisk, Khakassisk
President Aleksej Ivanovitsj Lebed
Nasjonalsang  
Tidssone UTC +0700

Khakasia (russisk Хакасия) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Abakan, arealet er 61 900 km² og innbyggjartalet 540 900 (2005).

Khakasia ligg i det sørvestlige Sibir. Elvene Jenisej, Abakan og Tom renn gjennom republikken. 60 % av arealet er berglendt, det høgste punktet er fjellet Karagosj (2 930 meter over havet). Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er - 19 grader celsius, i juli + 18 grader celsius. Dei rike mineralressursane i republikken omfattar jernmalm, molybden, gull, kol, baritt, bentonitt og marmor. Kopar og olje fins òg, men vert foreløpig ikkje utvunne.

Viktige næringsvegar er gruvedrift, metallindustri og kraftproduksjon (vasskraft). Det vert òg drive skogbruk og jordbruk. Viktigast innan jordbruk er saueal. Det vert dyrka kveite, havre, poteter og grønsaker.

Dei fleste innbyggjarane, 80,3 %, er russarar. Khakassar, eit folkeslag som snakkar eit tyrkisk språk utgjer 12 %. Ellers er 1,7 % av innbyggjarar tyskarar og 1,5 % ukrainarar.

[endre] Historie

Utsyn over elva Abakan i Khakasia
Forstørr
Utsyn over elva Abakan i Khakasia

Området som idag er Khakasia var frå gamalt av ein møtestad for finsk-ugriske, iranske og tyrkiske folkeslag. Området har vorte kalla eit "arkeologisk mekka", her har det blitt gjort funn frå fleire tusen år gamle kulturar. Ei statsdanning i Khakasia vart øydelagd av den mongolske invasjonen på 1200-talet. På 1600-talet oppsto det igjen uavhengige fyrstedøme her, men på 1700-talet kom området under Russland, då russarane var klar over mineralrikdomane her. I 1707 vart det første russiske fortet bygd, på staden der dagens by Abakan ligg, og Russland gjorde krav på området. I 1727 vart det skrive under ein grensetraktat med Kina som offisielt gjorde Khakasia til russisk område.

Khakassane var på denne tida stort sett nomadar. I løpet av 1800-talet vart dei fleste av dei omvendt til russisk-ortodoks kristendom. Russisk innflytting i samband med gruvedrift gjorde khakassarane til ein minoritet.

I 1930 vart det khakassiske autonome område oppretta. Før 1991 var det autonome området del av Krasnojarsk kraj. I juli 1991 erklærte Khakasia seg som eigen republikk innan den russiske føderasjonen. Aleksej Lebed, bror til den profilerte politikaren og generalen Aleksandr Lebed har vore president i Khakasia sidan desember 1996.

[endre] Eksterne kjelder

Republikken sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk
Artikkel frå NUPI på bokmål


Russiske republikkar
Adygeja | Altai | Basjkortostan | Burjatia | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Karelen | Khakasia | Komi | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia-Alania | Sakha | Tatarstan | Tuva | Udmurtia
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com