Kalevala
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalevala er eit finsk episk dikt nedskrive av Elias Lönnrot i fyrste del av 1800-talet. Kalevala byggjer på finske segner. Det vert ofte kalla Finland sitt nasjonalepos og er eit av dei viktigaste finske litterære verk. Kalevala vert sagt å ha inspirert den finske nasjonalismen som til sist førde til landet sitt sjølvstende frå Russland i 1917. Namnet tyder «Kalevas land».
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |